Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kolbeinsey

Koordinatar:67°08′09″N18°41′03″W / 67.13583°N 18.68417°W /67.13583; -18.68417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øya er i dag ikkje stort meir enn åtte meter lang og fire-fem meter brei.
Foto: Sindre Skrede, 2011

Kolbeinsey (Kolbeinsøy på norsk) er ei litaøy medvulkansk opphav 105 km nord forIsland og 74 km nordvest for øyaGrímsey. Øya er det nordlegaste punktet til Island og ligg ved67°08′09″N18°41′03″W / 67.13583°N 18.68417°W /67.13583; -18.68417. Øya er utsett for kraftigerosjon og kjem til å forsvinne heilt i nær framtid, truleg innan få år. Tidlegare estimat har sagt rundt år 2020 estimert frå tidlegare erosjon, men prosessen ser i dag ut til å gå raskare.

Storleiken i starten av 2001 var berre 90 m², som svarar til ein sirkel med diameter mindre enn 11 meter. Den opphavlege storleiken til øya er ikkje kjend. Då ho først vart målt i1616 var ho 700 meter lang frå nord til sør og 100 meter brei frå aust til vest. I1903 var ho alt halvparten så stor og i august1985 var ho berre 39 meter på tvers. Øya var opp mot 8 meter høg.

Det var tidlegare ein landingsplass forhelikopter på øya, men i mars2006 vart det rapportert at halve heliporten, som vart forsterka medbetong i1989, var øydelagd på grunn av steinar som raste ut i havet. Av den grunn kan Kolbeinsøy forsvinne tidlegare enn først trudd.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kolbeinsey&oldid=3260573»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp