Knut Kristiansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mai1928 |
Død |
Knut Kristiansen (fødd16. mai1928, død i byrjinga avjuli1999 iOslo) var ein norsklingvist ogindolog.
Kristiansen voks opp påRaufoss, og studertelatin oggresk vedUniversitetet i Oslo. Han interesserte seg også forsamanliknande språkforsking og kom gjennom dette inn på studiet avsanskrit (underGeorg Morgenstierne) og modernehindi. Frå 1971 var hanuniversitetslektor i nyindiske språk, og blei seinareamanuensis.
Kristiansen videreførte studia til læraren sin, Morgenstierne, av deidardiske språka og drog på to forskingsreiser til Nord-Pakistan. Etter den siste turen måtte han amputere deler av beinet. Det var også Kristiansen som ordna samlingane til Morgenstierne. Som ein del av interessa for indiske språk granska han ògromani ogromanes, og gav i lag medLars Gjerde (1944–2015) ut ei bok med tekstar på romanes,The orange of love and other stories (1994).
Kristiansen blei funnen myrda i sin eigen heim påSandaker i Oslo 20. juli 1999. Han blei sist sedd i live 4. eller 5. juli.[1] I 2015 var drapet framleis ikkje oppklart.