KlistremerkeBananar med klistremerke påtrykt varemerket Chiquita.
Klistremerke er eit stykkepapir ellerplast som er påtryktbilete ellertekst og utstyrt medlim på baksida. Bak er det vanlegvis òg eit beskyttelsesark for å hindra at limet blir øydelagd før bruk. Klistremerke kan enkelt limast på ulike gjenstandar for å dekorera eller merka dei.
Nokon samlar på klistremerker og bytar dei med andre samlarar.[1]
Det finst ei stor mengd klistremerketypar med ulike motiv, men merka kan grovt sett delast inn i to grupper:
Opplysande klistremerke har ein praktisk funksjon og blir brukt for informasjon eller til å merka noko. Slike klistremerke blir brukt som skiltliknande merking, til dømes for å markera ein naudutgang, ein strømførande kabel, innpakka mat kjøttdeig eller ei postkasse. Ogsåfrimerke og prislappar med lim er opplysande klistremerke.
Dekorative klistremerke har motiv som først og fremst skal vera fine eller oppsiktsvekkande. Slike klistremerke rettar seg ofte motbarn, og kan vera ei handelsvare i seg sjølv eller til dømes leggjast i tyggegummipakkar ellerblad. Klistremerka kan òg verareklame,logoar og anna som blir delt ut gratis. Dei kan dessutan brukast somhobbyartiklar innanscrapbooking, det vil seia til dekorering av personlege fotoalbum. Dekorative klistremerke kan i tillegg brukast for å spreia politiske bodskap, tankar ogkjensler. Slike merke blir ofte brukt på linje medgraffiti og anna gatekunst eller som småplakatar på lyktestolpar og anna for å informera om arrangement og liknande.
Decal er ei spesiell form forklistremerker eller overføringsbilete av ulikt slag. Dei kan overførast medstrykejern til tøy, vætast og overførast som tynne hinner til til dømes byggesett, og lima som skiltdekor påbussar ogbilar med meir.