| Kleberstein | |||
| Kjenneteikn | |||
|---|---|---|---|
| Gruppe | metamorf | ||
| Hovudmineral | talk,kloritt,dolomitt | ||
| Identifikasjon | |||
| Bruksområde | kokekar, bygningsstein, omnar m.m. | ||
| Tettleik | 2,85 | ||
Kleberstein,steatitt,spekkstein,såpestein elleresje er einmetamorf bergart som hovudsakleg er bygd opp av mineralettalk med varierande mengdkloritt ogamfibol. Kleberstein er ein mjukbergart, og kan derfor lett skjærast i med kniv.En annan viktig eigenskap ved kleberstein er at den toler varme særs godt og den er derfor godt eigna til bruk i omnar o.l.Kleberstein er ein lettformelegbergart som har vore mykje brukt til å laga kar og andre bruksting.
Den reinaste sorten kleberstein er danna fråserpentin, dei meir ureine sortene er danna avgabbroide bergarter.
Fargen på kleberstein er grønkvit til mørkegrøn ofte med rustfarga felt.
Ein finn kleberstein i alle norske fylke bortsett fråVestfold ogVest-Agder.
Bergarten har hatt mange ulike namn. Eitt gammalt namn ergrjotstein, der forstavinga er frånorrønt og ganske enkelt tyderstein. Dette ordet var særleg brukt om nyttestein som ein hogde ut og brukte, og har gjeve oss moderne ord somgryte oggraut. Eit nyare ord for steintypen ergrautstein, og fleire stader i Noreg der ein har henta ut slik stein har namn som Grøt eller liknande. Klebersteinen kan òg kallastfeittstein ellerveikstein.
Dei mange namna på steinen viser til dei særskilde eigenskapane hans. Nokre av dei viser til korleis overflata til bergarten kjennest når ein tar på han, nemleg «feittete», «glatt» eller «såpete». Dette er fordi det viktigaste mineralet i kleberstein ertalk. Dette er eit svært mjukt mineral som gjer at kleberstein lett kan skjærast i medkniv. Steinsorten kan òg stå imot sterk varme, og er derfor godt eigna til bruk i omnar og liknande.

I førmoderne tid brukte ein kleberstein til mange ulike former for nytteting. Ijernalderen,mellomalderen og fram til1800-talet brukte ein steinen hyppig i tilverking avkokekar,spinnehjul og ulike former forlodd ogvekter. Andre viktige bruksområde har vore som byggemateriale i mange av dei norske steinkyrkjene. Mellom anna erNidarosdomen bygd i kleberstein. På 1900-talet har ein særleg brukt kleberstein som materiale ipeisar,omnar oggravsteinar.
Mange stader er det spor etter førmoderne uttak av kleberstein i bergveggane. Særleg iGudbrandsdalen og påVestlandet ogRomerike er det blitt tatt ut kleberstein i store mengder. Kjende brot er mellom annaBrennepåsen ogPiggåsen i kommunaneSørum ogFet. I dag tek ein ut kleberstein to stader i Noreg;Målselv i Indre Troms ogOtta i Gudbrandsdalen.