Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kirgisistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Кыргыз Республикасы
(Kyrgyz Respublikasy)
Кыргызская республика
(Kyrgyzskaja respublika)

(norsk: Kirgisistan, kirgisisk)

Det kirgisiske flaggetDet kirgisiske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Den kirgisiske
nasjonalsongen
»
MottoIkkje noko
Geografisk plassering av Kirgisistan
Offisielle språkRussisk ogkirgisisk
HovudstadBisjkek
Styresett
Republikk
Sadyr Japarov
Flatevidd
 – Totalt
 
199 951 km² (86.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
5 789 122 (113.)
29 /km²
Sjølvstende
  – Erklært

FråSovjetunionen
31. august1991
Nasjonaldag31. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
19 810mill.USD (140.)
3 400USD (151.)
ValutaKirgisisk som
TidssoneUTC +5
Telefonkode+996
Toppnivådomene.kg


Kirgisistan (kirgisisk: КыргызстанKyrgyzstan) er eit land iSentral-Asia, «midt i verda». Det er eit innelukkafjelland med grenser tilKina,Kasakhstan,Tadsjikistan ogUsbekistan. Førti prosent av landet ligg meir enn 3000moh. Hovudstaden erBisjkek. Tidlegare var landet ein republikk iSovjetunionen, og har vore uavhengig sidan 1991. Det ungedemokratiet i landet viste positive framtidsutsikter under leiarskapen til tidlegare presidentAskar Akajev og var ganske stabilt i 1990-åra, men nærma seg seinareautokrati og autoritært styre.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Kart over Kirgisistan

Kirgisistan er eitfjelland som ligg på nordsida av den store fjellkjedaTian Shan. Dei kirgisiske fjella inneheld mykjegull og andre dyremetall. Det høgaste punktet i landet er fjelletDzjengisj Tsjokusu (Pik Pobedy), som når 7 439 moh. Det lågaste punktet erelvaKara-Darja, 132 moh.

Den store, krystallklåre sjøenIssyk-Kul, nordaust i landet, var i sovjettida eitt av dei fremsteturistparadisa iSovjetunionen.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Dei høge fjellområda harsnø året rundt, men på grunn av avstanden til havet og sidanPamirfjella ogHimalaya blokkerermonsunlufta frå sør, er desse fjellområda tørre. Det meste av snøen kjem i samband med svakelågtrykk frå vest om vinteren. Vintrane er kalde, men våren kjem tidlegare her enn lenger nord. Sumrane er til gjengjeld varme og turre, bortsett frå i dei høgare fjellstroka. I dalane ermiddeltemperaturen 28 °C, medan han i januar kan kome ned mot -18 °C. Den høgaste målte temperaturen i landet er i området kringBisjkek med 44 °C, medan den lågaste målte temperaturen er iAk-Sai med -54 °C. Landet har ein normal årsnedbør på 300-400 mm, men han kan kome opp mot 1000 mm i fjella. Hovudstaden Bisjkek, har mellom 220 og 240 soldagar i året.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]
Utsyn overBisjkek.

Hovudstaden i landet erBisjkek som tidlegare heitteFrunze. Ein annan stor by erOsj.

Innbyggjarar

[endre |endre wikiteksten]

Folketalet var i 1999 på 4,9 millionar. Folket er hovudsaklegkirgisarar, eit tidlegarenomadefolk som stort sett vedkjenner segislam. Andre folkegrupper errussarar,usbekarar ogvolgatyskarar.

Om lag tre fjerdedelar av innbyggjarane i landet ersunnimuslimar avhanafiretninga. Ein femtedel erortodokse kristne.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Området vartrussisk1860-talet. I samband medden russiske revolusjonen i 1917 gjorde kirgisarane opprør, og landet vart sjølvstendig fram til 1921, då området vart ein del avSovjetunionen. Frå dette året til 1922 døydde over ein halv million innbyggjarar av svolt. Landet vart ein eigensovjetrepublikk i 1936.

Då landet sa seg sjølvstendig frå Sovjetunionen i 1991 vartAskar Akajev president. Akajev leidde landet fram til 24. mars 2005, då, etter eit parlamentsval der Akajev vart skulda for valfusk, ein rimeleg fredeleg revolusjon med tilnamnet «Tulipanrevolusjonen» tok frå han makta til føremon forKurmanbek Bakijev.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Kirgisistan
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kirgisistan&oldid=3470035»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp