Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kina-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråKinesarar)
Kart over Kina
Den kinesiske muren

Kina (tradisjonellkinesisk skrift 中國, forenkla kinesisk 中国;,pinyinZhōngguó,Wade-GilesChung-kuo) er eit land i Aust-Asia som frå1949 i røynda er delt i to.Folkerepublikken Kina (med hovudstad iBeijing) (eller Peking) omfattar alle fastlandsprovinsane.Republikken Kina (med hovudstadTaipei) styrer berre over provinsen og øyaTaiwan (Formosa) og nokre små øyar i provinsenFujian. Styremaktene i båe republikkane gjer krav på å vera styresmakt i heile Kina. Republikken Kina sin offisielle hovudstad erNanjing (eller Nanking) som ligg i fastlands-Kina.

Kina er ofte rekna som den eldste framleis eksisterandesivilisasjonen.

Kina har eit folketal på over ein milliard og utgjer ein femdel av menneska påjorda. Fleirtalet erhan-kinesarar. Viktige minoritetar inkluderermandsjuarar. Det kinesiske språket er inndelt i ei rad variasjonar. Beijiingdialekten vert nytta som utgangspunkt forstandardkinesisk.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåKinesisk historie.

Den kinesiske antikken hadde følgjande dynasti,
Xia-dynastiet herska i tida 2070 fvt.-1600 fvt.
Shang-dynastiet herska i tida 1600 fvt.-1046 fvt.
Zhou-dynastiet herska i tida 1046 fvt.–256 fvt.
Vår- og haustannaltida var tida 722 fvt.–476 fvt.
Krigarrika-tida var tida 476 fvt.–221 fvt, og med ho slutta den kinesiske antikken.

Qin-dynastiet herska i tida 221 fvt.–207 fvt.

Han-dynastiet herska i tida 202 fvt.–220.

Dei tre kongedøma herska i tida 220–280.

Jin-dynastiet herska i tida 266–420.

Nord- og Sør-dynastia herska i perioden 420–589.

Sui-dynastiet herska i tida 581–618.

Tang-dynastiet herska 618–907.

Dei fem dynasti og ti kongerike herska frå 907 til 960.

DynastiaLiao,Song,det vestlege Xia, ogdet yngre Jin-dynastiet herska i perioden 960–1276.

Yuan-dynastiet herska 1271–1368.

Særleg frå600-talet til og med1300-talet, kunne Kina reknast som den mest avanserte sivilisasjonen i verda.

Ming-dynastiet herska i tida 1368–1644.

Mandsju- eller Qing-dynastiet herska i perioden 1644–1912.

Frå1800-talet til ut på1900-talet var landet for svakt til å slå attendeeuropeiskkolonialisme ogjapansk invasjon. Samstundes var det interne konfliktar i landet. Kommunistsigeren iden kinesiske borgarkrigen etablerte Folkerepublikken Kina på fastlandet, medan Republikken Kina si regjering heldt fram med å kontrollera Taiwan og nokre mindre øyar iAustkinahavet.


Historia til landet vert kjenneteikna av ymse delingar og samanslåingar mellom skiftande periodar avfred ogkrig, og valdelege maktskifte. Makta låg gjerne i hovudsak hjå denkinesiske keisaren. Den røynlege makta kunne liggja hjå mektige embetsmenn og regionale krigsherrar. Kina sitt landområde har variert gjennom historia.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Kina-regionen
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kina-regionen&oldid=3589898»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp