Killing Machine Studioalbum avJudas Priest | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. oktober 1978 (UK) 28. februar 1979 (US) | |
Innspelt | August – September 1978 at Utopia andCBS Studios, London | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 35:06 (Killing Machine) 38:30 (Hell Bent For Leather) | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Judas Priest,James Guthrie | |
Judas Priest-kronologi | ||
---|---|---|
Stained Class (1978) | Killing Machine | Unleashed in the East (1979) |
Singlar fråKilling Machine | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Killing Machine (kallaHell Bent for Leather i USA på grunn av kontroversar på tida då albumet kom ut) er det femte studioalbumet til det britiskeheavy metal-bandetJudas Priest. Då det kom ut i oktober 1978 tok det bandet i retninga av ein meir kommersiell stil, men heldt likevel dei mørke tekstane frå dei førre albuma. Omtrent samstundes byrja bandet å bruke den no kjende klesstilen med skinn og naglar. Dette var det siste studioalbumet deira med trommeslagarenLes Binks.
Killing Machine vart kallaHell Bent for Leather då det kom ut i USA tidleg i 1979, fordi den amerikanske avdelinga av Columbia/CBS ikkje likte «mord-indikasjonane» i tittelen. Begge titlane kjem frå songar på albumet. På den amerikanske utgåva vart «The Green Manalishi (With the Two Prong Crown)», ein tidlegFleetwood Mac-song, lagt til.
Albumet vart òg trykt i raud vinyl i Storbritannia.
MedKilling Machine byrja Judas Priest å gå mot eit meir kommersielt format og gjekk bort frå komplekse, fantasi-aktige songar frå dei førre tre albuma. Albumet hadde likevel framleis mørke undertonar, men var meir basert på realisme. Dette gjekk òg att i korleis dei kledde seg på scenen. Dei slutta å gå kledde i gotiske kapper og byrja å gå i skinn, men dette kan òg ha vore inspirert av den nye punk- og new wave-rørsla. Glenn Tipton sa i eit intervju frå den tida at «Eg trur me er ein del av New Wave, den nye bølgja. Trass alt er me kjappe, aggressive og spanande, som er det det handlar om.» Songar som «Burnin' Up» og «Evil Fantasies» har mangeS&M-tema, medan «Running Wild» handlar om å feste til langt på natt, medan «Before the Dawn» er ein mørk ballade. Singelen «Take on the World» var eit forsøk på å produsere ein stadion-anthem liknandeQueen sin «We Will Rock You», og vart òg spelt av New Wave-bandetThe Human League på turneen deira i 1980.[2] Albumet selde etter kvart til gullplate i USA. Lydkvaliteten på albumet var betre enn på tidlegare Judas Priest-album, som er blitt kritiserte for ein særleg flat lyd, og lyden vart ytterlegare betra på det neste albumet, gjennombrotet deira ,British Steel.
Albumet vart mastra på ny i 2001 og kom ut med to bonusspor (tre i Storbritannia). Bonussporet «Fight for Your Life» var den «originale» versjonen av Judas Priest sin «Rock Hard Ride Free» frå albumetDefenders of the Faith. «The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» vert rekna som eit bonusspor i Storbritannia, men eit vanleg albumspor i USA.
I 2010 gav Audio Fidelity ut ein avgrensa 24-karat gull-CD avHell Bent for Leather. Dette inneheld ingen bonusspor.
Dette var det første Judas Priest-albumet derGlenn Tipton spelte gitarsoloar medtapping, kanskje inspirert avEddie Van Halen som nettopp hadde popularisert teknikken. Albumet var det siste for trommeslagarenLes Binks, som kom inn i bandet tidleg i 1977.
I 2005 vartKilling Machine rangert på 321. plassen på lista til magasinetRock Hard over dei 500 beste rock- og metal-albuma gjennom tidene.[3]
Songen «Hell Bent for Leather» vart nytta iAri Gold-filmenAdventures of Power frå 2008 og i videospeletGuitar Hero: Metallica frå 2009.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Delivering the Goods» | Rob Halford,K.K. Downing,Glenn Tipton | 4:16 |
2. | «Rock Forever» | Halford, Downing, Tipton | 3:19 |
3. | «Evening Star» | Halford, Tipton | 4:06 |
4. | «Hell Bent for Leather» | Tipton | 2:41 |
5. | «Take On the World» | Halford, Tipton | 3:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Burnin' Up» | Downing, Tipton | 4:07 |
7. | «The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» (Fleetwood Mac-song, berre påHell Bent for Leather) | Peter Green | 3:23 |
8. | «Killing Machine» | Tipton | 3:01 |
9. | «Running Wild» | Tipton | 2:58 |
10. | «Before the Dawn» | Halford, Downing, Tipton | 3:23 |
11. | «Evil Fantasies» | Halford, Downing, Tipton | 4:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Fight for Your Life» (Innspelt i 1982 underScreaming for Vengeance-innspelinga) | 4:06 |
13. | «Riding on the Wind» (Live påUS Festival iDevore i California; 29. mai 1983) | 3:16 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1979 | Pop Albums | 128 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[4] | Gull | 500 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |