Kiel er kjend for seglregattaene som vert haldne her, mellom annaKieler Woche (Kielveka), ein av dei største regattaene i verda. I 1936 og 1972, dåOL vart halde iBerlin ogMünchen, vart seglkonkurransane arrangert ved Kiel.
Kielfjorden var busett avnormannarar ogvikingar. Kiel vart grunnlagd i 1233 somHolstenstadt tom Kyle av grevAdolf IV, og fekk byrettar i 1242 av Adolf sin eldste sonJohn I av Schauenburg.[1]
Kiel, hovudstaden iHolstein, vart eit medlem avHansaen frå 1284 fram til han vart kasta ut i 1518 etter å ha gjeve hamn tilsjørøvarar. I 1431 vart den førsteKieler Umschlag (handelsmesse) halde, som vart eit sentralt varemarknad i Schleswig-Holstein før han vart mindre viktig frå 1850-åra. Siste gong messa vart halde var i 1900.Universitetet i Kiel vart grunnlagd 29. september 1665 avKristian Albert, Hertug avHolstein-Gottorf. Fleire viktige vitskapsmenn, somTheodor Mommsen ogMax Planck, studerte eller underviste her.
Frå 1773 til 1864 høyrte byen til kongen avDanmark. Men sidan kongen regjerte over Holstein som eitlen iDet tysk-romerske riket gjennom einpersonalunion, vart ikkje byen ein del av sjølve Danmark. Sjølv om riket vart oppløyst i 1806 styrte den danske kongen framleis Kiel gjennom stillinga si som Hertug av Holstein. DåSchleswig og Holstein gjorde opprør mot Danmark i 1848 (den første Schleswigkrigen) vart Kiel hovudstad i Schleswig-Holstein fram til danskane vann i 1852.
Då Vilhelm I av Prøyssen vart Keisar Vilhelm I av Tyskland i 1871 utpeikte han Kiel ogWilhelmshaven somReichskrieghafen, eller «Rikskrigshamn». Som den største marinebasen i Tyskland auka folketalet i Kiel kraftig dei neste åra, frå 18 770 i 1864 til om lag 200 000 i 1910. Mykje av det gamle bysentrumet og andre omliggjande område vart jamna med jorda og bygd opp att for å tilpasse den veksande byen. Kiel var åstad opprøret til sjømennene, som utløysteden tyske revolusjonen seint i 1918.
Kiel hadde fleire arbeidsleiarar som gavslavearbeidarar til den lokale industrien underden andre verdskrigen. Sidan han var ei viktig marinehamn og produserte ubåtar vart Kiel kraftig bombardert av dei allierte under krigen, og det er estimert at 80 % av gamlebyen, 72 % av bustadområda og 83 % av industriområda vart øydelagd. Byen vart bygd opp att etter krigen, men ikkje slik han såg ut før krigen. Kiel var mindre omhyggeleg rekonstruert enn andre byar i Schleswig-Holstein somLübeck,Flensburg ellerSchleswig.
I 1946 vart Kiel sete for styret i Schleswig-Holstein, og vart offisielt delstatshovudstad i 1972.Kieler Umschlag vart oppretta igjen som ei årleg hending frå 1975. Det er i dag ein festival med musikk, mat, historiske kostymer, spesiallaga brød og eit bryllaup kallaUmschlagshochzeit der alle unge bruder og brudgomar kan delta.
I 1885 hadde Kiel meir enn 50 000 innbyggjarar. I 1900 nådde byen 100 000, og Kiel vart ein storby. Fram til 1910 vart talet meir enn dobla til 211 000. Høgdepunkt var i desember 1942 med 306 000. I 2007 budde 233 340 menneske i Kiel
Opphavleg høyrte Kiel til erkebispedømetBremen og bispedømetSchleswig. I 1526 vartreformasjonen innført. Etterpå vart Kiel hovudsaklegprotestantisk og høyrte til denEvangelisch-Lutherische Landeskirche Schleswig-Holstein som i 1977 vart del avNordelbische Evangelisch-Lutherische Kirche.
I tillegg finn ein i byen denSelbständige Evangelisch-Lutherische Kirche, denDansk Kirke i Sydslesvig, denEvangelisch-Freikirchliche Gemeinde, denEvangelisch-methodistische Kirche, denFreie evangelische Gemeinde, denPfingstkirche, denApostolische Gemeinschaft ogadventistane.
Etter atkatolikkar kom til byen på 1800-talet vart den den første katolske kyrkja etter reformasjonen bygd i 1891. Kiel har høyrt til erkebispedømetHamburg sidan det vart grunnlagd i 1993.
Det er ingen historisk bevis for at det budde jødar i Kiel før slutten av 1600-talet. Det varChristian VII som hjelpte jødar å busette seg i Kiel. I 1782 vart det første bedehuset grunnlagd. I 1933 hadde trussamfunnet rundt 600 medlemmar. Underkrystallnatta i 1938 vart den dåverande synagogen øydelagd, men då hadde allereie halvparten av jødane flytta frå byen. Dei fleste av dei som framleis var i byen i 1939 vart deportert og drepne av nasjonalsosialistar.
I 1961 budde berre 27 jødar i Kiel, men etter 1989 førte innvandring frå Aust-Europa til at talet voks til om lag 400. Siden 2004 er det to jødiske synagogar i Kiel.
Opphavleg vart byen styrt av einfut som vart sett inn av landsherren. Ved sida av futen hadde Kiel svært tidleg eitbystyre som etter 1315 fekk stadig meir makt i byen. Bystyret vert i dag kallaRatsversammlung og formannenStadtpräsident, medanOberbürgermeister errådmannen. Etter 2003 vert òg denne stillinga vald av innbyggjarane.
Den noverande rådmannen Angelika Volquartz (CDU) er den første kvinna i denne stillingen i byen sin historie.
Kiel sittvåpen er det såkalla «holsteinske neslebladet» i sølv på raudt med ein mørkgrå båt. Det sølvfarga neslebladet på raud grunn er våpenet til grevane av Schauenburg og Holstein.
Omtrent 78,5 % av alle tilsette i Kiel jobbar itertiærnæringar, 21,4 % i sekundærnæringar og 0,2 % i jordbruk.
Utsikta over Kiel sin horisont er prega av store portalkranar, og viser at byen er ein viktig verftsby. Dessutan finst maskinfabrikkar og andre industriar, t.d. data- og kontormaskinfabrikasjon. Kiel er òg Tyskland si viktigaste cruisskiphamn. Inntil 60 m høge ferjer (somMS «Color Fantasy») og cruiseskip pregar bilete.
I Kiel ligg austenden av Nord-Ostsee-Kanalen (Kielkanalen). Sidan Kielerfjorden skil dei austlege og vestlege bydelane frå kvarande, går det ferjer på fjorden som ein del avkollektivtrafikken.
Kommunal kollektivtransport vert utført av bussar fråKieler Verkehrsgesellschaft (KVG) og ferjer fråSchlepp- und Fährgesellschaft Kiel (SFK). Regional busstrafikk vert utførtAutokraft.
I dag vert det rekna som ein feil avgjersle å stenge ned trikken i 1985. Det finst planar om å byggje ein bybane, men på grunn av uklar finansiering går planane tregt på fram.
Flyplassen Kiel-Holtenau har hatt nokre faste flysamband fram til oktober 2006, men sidan flyplassen Hamburg-Fuhlsbüttel berre ligg ein køyretime frå Kiel vart tilbodet lagt ned.
I Kiel ligg bådeNDR ogZDF sine regionalstudio for Schleswig-Holstein. Kommersielle radiostasjonar er R.SH (Radio Schleswig-Holstein), NORA (Nord-Ostsee-Radio) og Delta Radio. Opne kanalar er TV-stasjonen Kiel.tv og radiostasjonen 101.2 KielFM.
Frå Kiel-Nord sendar britisk hærstasjonen British Forces Broadcasting Service (BFBS).
Daglege aviser erKieler Nachrichten som vert gjeve ut av Kieler Zeitung Verlags- und Druckerei KG-GmbH & Co.
Kiel er prega av å ligge nær havet. Den første byen vart grunnlagd på halvøya mellom fjorden og Litlekielen. Den nordlege landtilgangen vart sikra av borga. Byen var bygd planmessig med med torget i midten og åtte vegar frå kvart hjørne i rett vinkel til kvarandre.
I fleire hundreår låg Kiel i skuggen av andre austersjøbyar (somFlensburg ogLübeck), men vart rekna som ein av Holstein sine største byar og har vore medlem avHansaen i lang tid. Berre mot slutten av 1700-talet byrja byen å vekse ut over halvøya.
Då Kiel vart skild frå Danmark i 1864 og seinare vart marinebase i Preussen, byrja byen å vekse i alle retningar, raskare enn dei fleste byar i Tyskland. Villabydelar oppstod i nord, medan det vart bygd bygardar rundt sentrum. På austbreidda vart nokre av dei største skipsverfta i Europa bygd og fleire arbeidarkvarter.
Sidan det vart trongt i sentrum alt i 1920-åra planla ein å bygge om byen. Då bombene som fall over byen i den andre verdskrigen øydela store delar av sentrum vart byen bygd opp at i ein meir moderne og opnar stil.