Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kharkiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjåKharkiv traktorfabrikk. For elva, sjåKharkov.
Kharkiv
ukrainsk Харків,russisk Харьков, Kharkov
by
Flagg
våpen
Land Ukraina
OblastKharkiv oblast
KommuneKharkiv bykommune
Høgd152 moh.
Koordinatar49°55′0″N36°19′0″E /49.91667°N 36.31667°E /49.91667; 36.31667
Areal310 km²
Folketal1 449 000 (2010)
  storby1 732 400
Folketettleik4 674 / km²
Grunnlagd1655-56[1]
BorgarmeisterHennadiy Kernes[2]
TidssoneEET(UTC+2)
  SommartidEEST(UTC+3)
Postnummer61001—61499
BilnummerХА, 21 (old)
Kart
Kharkiv
49°59′33″N36°13′52″E /49.9925°N 36.231111111111°E /49.9925; 36.231111111111
Kart som viser Kharkiv.
Kart som viser Kharkiv.
Kart som viser Kharkiv.
Wikimedia Commons:Kharkiv
Nettstad:http://www.city.kharkov.ua/en

Kharkiv (ukrainsk Харків,russisk Ха́рьков, Kharkov) er den nest største byen iUkraina.

Byen vart grunnlagd i 1654 og var eit stort senter for ukrainsk kultur iDet russiske imperiet. Kharkiv vart den første byen i Ukraina som godtok sovjetisk makt i desember 1917 og vart seinare hovudstad iDen ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Kharkiv var hovudstad i Ukrainske SSR fram til 1934, då hovudstaden vart flytta tilKiev. I dag er han det administrative senteret iKharkiv oblast og det omliggandeKharkiv rajon, medan byen i seg sjølv har ein spesialstatus i regionen. Byen ligg nordaust i landet. I 2006 hadde byen kring 1,5 millionar innbyggjarar.[3]

Kharkiv er eit stort senter for kultur, vitskap, utdanning, samferdsle og industri i Ukraina med 60 vitskaplege institutt, 30 høgare utdanningsinstitusjonar, seks museum, sju teater og 80 bibliotek. Kharkiv er den næraste storbyen til kolfelta iDonbas. Industrien er hovudsakleg basert påmaskineri. Det er hundrevis av industriføretak i byen. Av desse finn ein verdskjende gigantar somMorozov designbyrå ogMalysjov stridsvognfabrikk, som har vore leiande i produksjon avstridsvogner sidan 1930-åra;Khartron (elektronikk forromfart og kjernekraft) og produksjon av Turboatom-turbinar.

Byen har eittunnelbanesystem (metro) med kring 38,1 km med baner og 29 stasjonar. Eit kjent landemerke i Kharkiv erFridomsplassen (Maidan Svobody tidlegare kjend somDzerzjinskyjplassen), som i dag er det sjette største bytorget i Europa og det 12 største i verda.

Kharkiv var vertskapsby forUEFA Euro 2012 og tre kampar vart spelte påMetaliste stadion.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Kharkiv vart grunnlagt kring 1654-1655 som ein festningssterkkosakkoloni på eit territorium kontrollert avMoskva, etter atpolakkane slo tilbake mot den ukrainske kosakkoppstanden i 1648. Dei ukrainske kosakkane oppretta i områda rundt Kharkiv ei autonom politisk eining under namnet Slobidska Ukraina. I 1765 vart Kharkiv hovudstad i Ukraina, og voks sterkt med industrialiseringa avDonetsbekkenet. Byen vart i løpet av 1800-talet hovudsete for utviklinga av handel og industri austomDnepr. Folketalet var i 1856 30 600, i 1879 102 100, i 1920 285 200. Byen var 1920–1934 hovudstad i Ukrainske SSR. 1941 inntok tyskarane Kharkiv, som vart sterkt øydelagt under kampane 1942–43. Byen er seinare gjenoppbygd med breie gater, monumentale offentlege bygningar og meir.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Kharkiv ligg nordaust i Ukraina og har historisk sett høyrt tilSloboda Ukraina, der han vart rekna som hovudbyen. Byen ligg ved samløpet mellom elvaneKharkiv,Lopan ogUdy, der dei renn inn i vassdraget tilDonets.

Kharkiv har eitfuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifiseringDfb), med kalde og snørike vintrar og varme somrar. Temperaturtilhøva er ikkje for kalde om vinteren og ikkje for varme om sommaren: -4,6 °C i januar og 21.3 °C i juli. Årsmiddelnedbøren er 513 mm per år, med mest nedbør i juni og juli.

Vêrdata for Kharkiv i Ukraina 1981-2010
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C1114,621,830,434,536,837,639,833,729,320,313,439,8
Gjennomsnittleg maks °C−2,2−1,64,31420,824,326,425,719,4123,6−1,112,1
Døgnmiddeltemperatur °C−4,6−4,50,79,215,619,321,320,314,47,90,9−3,58,1
Gjennomsnittleg min °C−7−7,3−2,44,610,314,216,214,99,84,3−1,5−5,94,2
Lågast målte °C−35,6−29,8−32,2−11,4−1,92,25,72,2−2,9−9,1−20,9−30,8−35,6
Gjennomsnittlegnedbør mm363332345061604247444136516
Gns. dagar med regn1089131415131012121312141
Gns.solskinstimar i månaden49,665108,5162238,7264272,824818612448311 797,6
Kjelde: Weather and climate – Kharkiv's climate[4]Hong Kong Observatory. (sun only 1961-1990)[5]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Харьков. Great Soviet Encyclopedia. 
  2. Kharkiv mayor declares over Hr 6 million income for 2011,Kyiv Post (10 April 2012)
  3. «Results / General results of the census / Number of cities».2001 ukrainsk Census. Arkivert fråoriginalen 9. januar 2006. Henta 9. september 2012. 
  4. Climate Information for Kharkiv, Weather and Climate,pogoda.ru.net, accessed 9. september 2012.
  5. Climatological Information for Har'kov i Ukraina, Hong Kong Observatory accessed 9. september 2012.
Administrativt senter:Kharkiv
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kharkiv&oldid=3492203»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp