Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Khabur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khabur
arabisk: نهر الخابور,gammalsyrisk:ܢܗܪܐ ܕܚܒܘܪ,kurdisk:Çemê Xabûr,tyrkisk:Habur Nehri, Habor, Chaboras,hebraisk Kebar,Chebar
elv
Khabur sør forAl-Hasakah
Land Syria, Tyrkia
Nedslagsfelt37 081 km²
ByarRa's al-'Ayn
Lengd486 km
Vassføring
 •  middel45 /s
 •  maks57 /s
 •  min/s
KjeldeRas al-'Ayn
 •  høgd350 moh.
MunningEufrat
 - koordinatar35°8′33″N40°25′51″E / 35.14250°N 40.43083°E /35.14250; 40.43083
Kart
Khabur
35°08′33″N40°25′51″E / 35.1425°N 40.430833333333°E /35.1425; 40.430833333333
Wikimedia Commons: Khabur River
[1][2]

Khabur (arabisk الخابورal-khābūr,hebraisk כברKebar, kurdisk Xabûr, gammalsyrisk ܚܒܘܪḥābur/khābur,tyrkiskHabur) er den største sideelva tilEufrat iSyria. Sjølv om Khabur spring ut i Tyrkia, er denkarstiske kjelda kringRa's al-'Ayn hovudvasskjelda for elva. Fleire viktige periodiske elvar møter Khabur nord forAl-Hasakah, og dannar i lag det som vert kalla Khaburtriangelet eller Øvre Khabur. Frå nord til sør minkar den årlege nedbørsmengda i Khabur-området frå over 400 mm i året til mindre enn 200 mm, så elva har vore ei viktig vasskjelde for jordbruket i området gjennom historia. Khabur møter Eufrat nær byenBusayrah.

Sideelvar

[endre |endre wikiteksten]

Sideelvane til Khabur er lista frå aust til vest. Dei fleste av desse er periodiske elvar,wadi, som berre fører vatn i delar av året.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Khabur er åstad for fleire viktige soger i boka tilEsekiel iDet gamle testamentet, som i opningsverset: «Det var i det trettiande året, på den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, at himmelen opna seg. Eg såg syn av Gud».[bibelen 1]

Andre referansar til elva i Esekiel er 1:3; 3:15; 3:23; 10:15; 10:20; 10:22; og 43:3.

Ho er òg nemnd iFørste Krønikebok 5:26: «Då eggja Israels Gud Tiglat-Pileser mot dei, kongen av Assur, han som dei òg kalla Pul. Han førte dei i eksil, både rubenittane, gadittane og halve Manasse-stammen. Han tok dei til Halah, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.»[bibelen 2]

Sidan 1930-åra er det gjort mange arkeologiske utgravingar og undersøkingar i Kahburdalen og dei indikerer at det har budd folk her sidaneldre steinalder.[3] Viktige stader som er utgrave er mellom andreTell Halaf,Tell Brak,Tell Leilan,Tell Mashnaqa,Tell Mozan ogTell Barri. Regionen har gjeve namn til eit særeige målt steintøy funne iNord-Mesopotamia og Syria tidleg på 1000-talet fvt. Regionen kring Khabur-elva er òg tilknytt starten på kongedømetMitanni som blømde ca. 1500-1300 fvt.

Khaburdalen i dag

[endre |endre wikiteksten]

Khabur-prosjektet, som starta i 1960-åra, har omfatta bygginga av ei rekkje demningar og kanalar. Tre demningar er bygde i Khaburvassddraget for kunstig vatning. Dette omfattar ògTabqademninga i Eufrat.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Hole F, Zaitchik, BF (2007). «Policies, plans, practice, and prospects: irrigation i northeastern Syria».Land Degradation & Development18 (2): 133–152.doi:10.1002/ldr.772.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  2. Burdon, DJ, Safadi, C (1963). «Ras-el-Ain: the great karstic spring of Mesopotamia. An hydrogeological study».Journal of Hydrology1: 58–95.doi:10.1016/0022-1694(63)90033-7.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  3. Nishiaki, Y. (1992).«Preliminary results of the prehistoric survey i the Khabur Basin, Syria: 1990–91 seasons».Paléorient18 (1): 97–102.doi:10.3406/paleo.1992.4566. Henta 12. august 2012. 

Andre kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Esekiel 1,1
  2. Første Krønikebok 5:26[daud lenkje]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Khabur&oldid=3418309»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp