Ketchikan er ein mindre by (city) påRevillagigedo-øya iAlexanderarkipelet sør i denamerikanske delstatenAlaska. Han er den femte folkerikaste byen i Alaska med rundt 8 000 innbygjarar (2010).[1] Med kringliggjande forstader, særleg nord og sør for byen langsTongass Highway som ofte blir rekna som tilhøyrande byen men også mindre busetjingar ein berre når med vasstransport, hadde staden eit folketal på 13 477 ved folketeljinga i 2010.[2]
Ketchikan blei skipa som by den 25. august 1900, og er dermed den eldste eksisterande byen (incorporated city) i Alaska. Andre stader har samanslåingar endra tilsvarande styresmakter. Byen ligg iKetchikan Gateway Borough og har eit areal på 10,7 km².
Gammalt fargelagt postkort av «tlingithovding Kian sin totempåle» i Ketchikan.
Namnet «Ketchikan» kjem fråKetchikan Creek, ei elv som renn gjennom byen tilTongass Narrows like søraust for sentrum. «Ketchikan» kjem fråtlingitnamnet på elva,Kitschk-hin, som har uklar tyding. Namnet kan tyda 'elva til Kitschk' eller 'dei tordnande vengjeslaga til ei ørn'.[3] På moderne tlingit blir namnet skriveKichx̱áan.[4] Ketchikan Creek var ein sommarfiskeplass fortlingitfolk i fleirfaldige år før byen blei skipa her. Den første vestlege busetnaden blei grunnlagd av Mike Martin i 1885. Området nær munningen av Ketchikan Creek gav Ketchikan eit visst rykte i første halvdelen av 1900-talet medbordell på begge sider av elva i eit område kjend som Creek Street.
Eit av dei to postnummera til Ketchikan, 99950, skal vera det høgaste i bruk i USA.[5]
Ketchikan har verdas største samling av reistetotempålar, som ein finn spreidde ut over heile byen og på fire hovudstader: Saxman Totem Park, Totem Bight State Park, Potlatch Park og Totem Heritage Center. Dei fleste totempålane i Saxman Totem Park og Totem Bight State Park er attutskjeringar av eldre pålar, eit arbeid som byrja underRoosevelt-administrasjonen sittCivilian Conservation Corps. Totem Heritage Center stiller ut 1800-talet totempålar frå fråflytta landsbyar nær Ketchikan.