Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kesha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ke$ha

Kesha iNew York City i november 2012.
Fødd1. mars1987 (38 år)
Los Angeles iKalifornia iUSA
FødestadLos Angeles
FødenamnKesha Rose Sebert
OpphavUSA
Aktiv2005 til i dag
SjangerDansepop,electropop,hiphop
Stemmetypemezzosopran
Verka somsongar,låtskrivar
MorPebe Sebert
PrisarGenesis Award,Time 100

Kesha Rose Sebert (fødd 1. mars 1987 iLos Angeles iKalifornia iUSA), berre kjent somKesha ellerKe$ha, er einamerikansksongar oglåtskrivar.Debutalbumet hennar,Animal, og den førsteEP-en hennar,Cannibal, kom ut i 2010. Musikken og imaget til Kesha gav henne umiddelbar kommersiell suksess, ogAnimal nådde førsteplass på albumlista i USA. To av singlane hennar har kome til topps på den amerikanske singellista, nemleg «Tik Tok» og «We R Who We R», og fleire av dei andre singlane hennar har også hamna på topp 10-lista. Det andre studioalbumet hennar,Warrior, kom ut i desember 2012 og inneheldt den åttande topp 10-hiten hennar, «Die Young».

Sidan debuten har Kesha vorte nominert til over 40 prisar, og vunne meir enn femten. Per november 2013 hadde ho selt over 35 millionar album i USA og 57 millionar album på verdsbasis.[1][2]

Kesha er opentbiseksuell og aktivdyrevernar som har vore involvert idyreretts-aktivisme og ervegetarianar.[3][4]

Diskografi

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «International Music Superstar Pitbull To Host The 2013 American Music Awards on Sunday, November 24th at 8 p.m. ETPT on ABC».PR Newswire. UBM pic. 5. november 2013. Henta 3. desember 2013. 
  2. «International Music Superstar Pitbull To Host The "2013 American Music Awards®" on Sunday, November 24th At 8 PM ET/PT On ABC».CNBC. NBC Universal. 5. november 2013. Henta 3. desember 2013. 
  3. Kinser, Jeremy (11. juni 2012).«Ke$ha Performs Commitment Ceremony for Lesbian Friends».The Advocate. Here Media Inc. Henta 6. juli 2013. 
  4. Escudero, Nicki.«Kesha comes to Marquee Theatre; Talks Roadkill, Glitter and 'SNL'». Phoenix New Times. Henta 9. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Kesha
Spire
Dennemusikkartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kesha&oldid=3418271»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp