Kendo (剣道), (剣 for sverd, 道 for vegen eller måten), er einjapanskkampsport med fekting. Kendo utvikla seg ifrå tradisjonelle teknikkar innan japansk sverdkunst, kjent somkenjutsu.
Kendo er ein krevjande aktivitet på det fysiske og mentale planet, som er prega av formaliserte verdiar rundt kampsporten og krevjande sportslege element.
Utøvarar av kendo vert kalla kendoka (剣道家), som tyder ein som utøver kendo, ellerkenshi (剣士), som tyder sverdmann.
Kendo vert utøvd i tradisjonelle klede og ei rustning kallabogu, med ein eller to bambussverd kallashinai. Rørslene i kendo er forskjellige ifrå europeisk fekting, på grunn av korleis sverda i Japan er lagd forskjellig ifrå dei europeiske. Måten det er brukt på er også forskjellig. Ulikt vestleg fekting brukar kendo slag med ein definert egg på enden av shinaien.
Kendotrening kan vere ganske bråkete samanlikna med andre kampkunstar og sportar. Dette er av di kendoka brukar eit skrik, ellerkiai, for å uttrykke ånd og når eit treffer eller kutt vert gjort. Den fremste foten skal og lande i bakken so ein høyrer det.
Sporten er meint å passe for alle uavhengig av kjønn.
Det finst ikkje noko beltesystem i kendo og ein har ikkje noko plagg som signaliserer gradering. Det eksisterer eitt sett kyu-grader for nybyrjarar, og dan-grader for dei som har oppnådd eit nivå tilsvarandesvart belte i andre sportar.
På syttitalet gjorde ein dei høgaste graderingane vanskelegare å oppnå som ein heider til den avdøde 10. danenMoriji Mochida for hans dyktigheit. Det er no i praksis umogleg å oppnå høgare rangering enn 8. dan, i seg sjølv ein grad med ein av verda sine høgste strykprosentar.
Kendo er ein tøff sport der ein utdeler hogg og støyt imot kvarandre. Ei god rustning dempar kor hardt ein kjenner slaga, og alle rustningar skal gjere hugga ufarlege. Under moderne trening og konkurranse er skadane som regel avgrensa til belastningsskader, stikkskader og blåmerke. Det er populært å gå til innkjøp av ekstra vern, for handledd, kne og hæl.
Av tryggingsomsyn er tsuki-støytet imot halsen forbode å utføre utan dan-gradering og spesielle avgrensingar, sjølv om hjelmen har spesielt halsvern. Det eksisterer eigne dojoar i Japan for den som ønskjer ekstremt hard fekting med skader, men dette er langt utanom det som er vanleg og går over i det som må kunne kallast ein sær form forekstremsport.
Til samanlikning har trening iIaido og Iaijutsu medshinken ein viss risiko for alvorleg og livstruande skade ved feil utføring og uhell. Dette skjer forholdsvis sjalden.
Utøvarar mednaginata driv ein liknande kampsport med ein japansk form forhellebard og ei rustning mykje lik den ein nyttar i kendo. Utøvarar av kendo kan konkurrere imot ein utøvar med naginata. Dette er gjerne uformelle samankomstar, då dei fleste ikkje er lært opp i eit pensum der forskjellige våpentypar i fekting konkurrerer.