Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Den katolske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråKatolisismen)
Den katolske kyrkja
HovudkontorVatikanstaten
LeiarFrans
Medlemmer1 285 000 000
Nettstadhttps://www.vatican.va/content/vatican/it.html Sjå dette på Wikidata

Den katolske kyrkja (avgreskkatholikos, som tyder 'ålmenn' eller 'universell') er eit samleomgrep på deikristnekyrkjene som harpaven iRoma som overhovud.[1] Kyrkja er det størstekyrkjesamfunnet i verda, med over 1 milliard døypte medlemmer.[2]

I den katolske kyrkja finn ein 23 særkyrkjer, derden romersk-katolske kyrkja («vestkyrkja» eller «den latinske kyrkja») er den klårt største, med eit oppgjeve medlemstal på 1,2 milliardar i 2014.[3] Dei andre 21 særkyrkjene erorientalske katolske kyrkjer (eller «katolske kyrkjer av orientalske ritar»). Når ein snakkar om den katolske kyrkja, meiner ein ofte den romersk-katolske. Andre kyrkjer som kallar seg katolske erden anglikanske kyrkja og visseprotestantiske retningar.

Historisk bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]
Petersplassen iVatikanet minner om at den katolske kyrkja er bygd opp rundtapostelen Peter.

Den kristne kyrkja vart tidleg organisert under fempatriarkar med sete iJerusalem,Antiokia,Alexandria,Konstantinopel ogRoma. Patriarken i Roma,paven, fekk tidleg ei særstilling, då bispesetet has vert rekna som ei direkte arv fråapostelen Peter. Etter atVestromarriket fall på400-talet vartKonstantinopel gradvis viktigare reint politisk og økonomisk, medan doktrinære skilnadar mellom denaustlege ogvestlege kyrkja gradvis utvikla seg.

I 1054 oppstoddet store skismaet mellom patriarkane i Konstantinopel og Roma, og kyrkja vart splitta i det som i dag er kjent somden katolske kyrkja ogden ortodokse kyrkja. På slutten av 1400-talet kom det til dage strid omkringdogme,tradisjonar og fromskap. Det leia til at fleire kyrkjesamfunn vart splitta og nye vart stifta, noko som i sær hende iNord-Europa ogEngland (Døme:den lutherske kyrkja)

I Noreg

[endre |endre wikiteksten]
Dei gamle norskestavkyrkjer, som denne iLom kommune, var alle bygde som katolske kyrkjer.

Kyrkja som vart tufta iNoreg på 900-talet, var katolsk og frå første stund underlagtpaven iRoma. Dei førstekristne i Noreg var truleginnvandrarar frådei britiske øyane. Av di kongemakta verna om kristendommen og tvinga folket til å ta del i dei kristne rituala og halde seg vekk frå heiden kult og gravleggingspraksis, vart kristendomen den klårt dominerande, og etter kvart den einaste trua. Med kongOlav den heilage festa den katolske kristendomen grepet som einastereligion i Noreg, ikkje minst som fylgje av at kyrkja gjorde kongen tilhelgen etter at han døydde på slagmarka i 1030, og lekamen hans iNidaros vart eit valfartsmål forpilegrimar. I 1153 vart Nidaros erklærterkebispesete ogNidaros erkebispedøme vart etablert. Noreg vart, i definisjonen, ein eigen kyrkjeleg provins.

Den katolske kyrkja var den einaste kyrkja i Noreg fram tilReformasjonen i 1537, då ho vart forboden. Idansketida var det i mindre periodar tillate forkatolikkar å opphalde seg i landet, men dei hadde ikkje lov til å utøve religionen sin. I 1843 vart det gjeve dispensasjon til å skipe ein ny katolsk kyrkjelyd iOslo.

Per 2005 var det om lag 46 000 katolikkar i Noreg, eller vel 1 % av folkesetnaden i landet. Fleirtalet av desse, om lag 27 000, harinnvandrarbakgrunn og høyrer til dei orientalske ritane, i sær dei som haretiopisk opphav. Men det er likevel ikkje etablert eigne kyrkjelydar for orientalske ritar i Noreg.

Det er eit katolskbispedøme i Noreg,Oslo katolske bispedømme, og to stift,Trondheim katolske stift ogTromsø katolske stift. Til saman dekkjer dei heile landet, inklusiveSvalbard (som høyrer til Tromsø stift). Bispedømet og stifta vert styrte av kvar sinbiskop, og kvart av dei rapporterer beinveges til paven i Roma. Til saman har dei 32 kyrkjelydar. I 2000 gav Den katolske kyrkja utsalmebokaLOV HERREN.

Oppbygging

[endre |endre wikiteksten]

Den katolske kyrkja er bygd opphierarkisk, medpaven som øvste leiar. Under han sit sit ein administrasjon avkardinalar, og under dei igjenbiskopane med kvar sine geografiske ansvarsområde som vert kallabispedømer. Den uttrykte hovudoppgåva til biskopen er å forkynne og overvake den kyrkjelege disiplinen i sitt område. Saman med paven har biskopane del i kyrkja sitt læreembete (magisterium). Under biskopen og heilt nedst i hierarkiet kjemkyrkjelydane, dersoknepresten har det høgste embetet. Etterdet andre vatikankonsilet (mellom 1962 og 1965) harlekmenn òg til dels fått ei større rolle i den katolske kyrkja.

Lære

[endre |endre wikiteksten]

Den katolske kyrkja vedkjenner seg denkristne trua slik den er nedfelt iden nikenske trusvedkjenninga. Sams med andre kristnekyrkjer reknar hoBibelen som den viktigaste kjelda til å få kjennskap tilGud. I tillegg til det legg katolsk lære stor vekt påtradisjon og tradisjonsbundne tolkingar av av Bibelen, skrifter og anna som har vore ein del av kristen skikk sidanoldkyrkjeleg tid.

Dei sjusakramenta, derdåp ognattverd er dei viktigaste, står sentralt i den katolske læra. Dei fem andre sakramenta erkonfirmasjon (ofte kalla"ferming" i katolsk tradisjon),skriftemål,vigsel,ordinasjon ogsalving av sjuke. Katolsk lære skil seg fråprotestantisk (som er den rådande læra iDen norske kyrkja) både i tal på sakrament og i innhaldet i dei sakramenta det gjeld.

For utanforståande er gjerne det mest synlege trekket i den katolske kyrkja det sterke forholdet dei truande har tilhelgenar, og då særlegJomfru Maria (mor tilJesus). I katolsk lære går dei heilage (personar som etter døden kjem direkte inn i Himmelen) iforbønn for dei levande. Difor vert helgenane heidra gjennom festdagar,ikon ogrelikviar. UnderReformasjonen var ei av hovudskuldingane mot den katolske kyrkja at dei framstilte helgenane som avgudar (noko som går imotdei ti bud), men i katolsk lære vert den æra dei viser helgenane ei heilt anna enn den dei viserGud åleine.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Organisasjon», katolsk.no (vitja 6. desember 2014)
  2. BBC:Factfile: Roman Catholics around the world april 2005. «The Roman Catholic Church - the largest branch of Christianity - says there are a total of 1.086 billion baptised members around the globe. This figure is expected to exceed 1.1 billion in 2005, with rapid growth in Africa and Asia. However, there are no reliable figures for the number of practising Catholics worldwide.»
  3. «Vatican statistics report church growth remains steady worldwide». National Catholic Reporter. 2 May 2014. Arkivert fråoriginalen 1. juli 2014. Henta30 May 2014. .
Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2024

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Den katolske kyrkja
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Den_katolske_kyrkja&oldid=3542762»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp