Denne artikkelen handlar om augesjukdommen. For fosstypen, sjåfoss.
Katarakt (av latincataracta, frå greskkatarrhegnynai, 'falla ned, fossa') også kallagrå stær, er blakking eller dimming av linsa iauget. Dette er mellom anna ei normal aldersendring, og finst hos dei fleste over 65 år. Fenomenet blir då kallasenil katarakt. Følgjene varierer frå noko uklårt syn, til fullt tap av synsevna. Katarakt kan òg skuldast annan sjukdom, stråling eller vera medfødd.
Katarakt er ein stekr årsak til at folk blirblinde i verda. Senil katarakt står for ca. 48 % av alle førekomster av blinde, noko som utgjer rundt 18 millione menneske.[1]
Katarakt kan behandlast ved at ein opererer ut den fordunkla linsa og erstattar henne med ei kunstig linse.[2]Etter operasjonen oppnår over 95 % av pasientane normalt eller tilnærma normalt syn.[3]
- Audun Øyri:Norsk medisinsk ordbok. Oslo, 1988.
- Jacob, Francone og Lossow:Anatomi og fysiologi. Oslo, 1980.
- Fotnotar