Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Katapult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsippskisse av ein katapult frå 1400-talet.
Teikning av ein katapult.
Rekonstruert katapult i Kroatia.

Katapult er ein kastemaskin som kan senda eitprosjektil over ein større avstand ved hjelp av ein kastearm. Katapultar blei brukt sombeleiringsskyts i oldtida og mellomalderen. Maskinen blei funnen opp idet gamle Hellas.[1]

Ein katapult er danna av ein trebjelke med ein ende innspent mellom to samansnodde tau. Desse kan spennast meir når bjelken blir trekt ned i horisontal stilling ved hjelp av eit vindespel. Når så bjelken blir frigjort, dreier han seg med valdsam kraft oppover og framover til han blir stoppa av eit tverrtre. Prosjektila (stein eller metallkuler) blir lagt på den frie enden av bjelken og slynga ut i krumme banar. Med katapult kunne ein slynga prosjektil på fleire hundre kilo opptil 600 meter.[2]

Ordet «katapult» kjem av latincatapulta, frå greskkatapeltēs (καταπέλτης) avkata, 'nedover'[3] ogpallō, 'kasta, slynga, svinga'.[4]

Katapulttypar

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Schellenberg, Hans Michael (2006),«Diodor von Sizilien 14,42,1 und die Erfindung der Artillerie im Mittelmeerraum»(PDF),Frankfurter Elektronische Rundschau zur Altertumskunde3: 14–23 .
  2. «Katapult: kastemaskin» (23. oktober 2014),Store norske leksikon. Fri artikkel henta 6. april 2015.
  3. Liddell, Henry George; Scott, Robert.«A Greek-English Lexicon» (definition). Perseus. Tufts. |contribution= ignored (hjelp).
  4. Liddell, Henry George; Scott, Robert.«A Greek-English Lexicon». Perseus. Tufts. |contribution= ignored (hjelp);«catapult»,Dictionaries (definition), Oxford, arkivert fråoriginalen 2. juli 2012, henta 6. april 2015 .

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Katapult
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Katapult&oldid=3586609»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp