Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kashmir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Kashmir med indisk- og pakistansk-kontrollerte område avmerkte i oransje og grønt.

Kashmir er eit historisk land iAsia som no er delt i område administrerte avIndia,Pakistan ogKina. Indisk Kashmir utgjer i dag den indiske delstatenJammu og Kashmir,pakistansk Kashmir er delt iAsad Jammu og Kashmir ogGilgit-Baltistan, medan delar av nordområda ligg i den kinesiske provinsenXinjiang.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Nanga Parbat, den niande høgaste fjelltoppen i verda og eit særs vanskeleg fjell å klatra i, ligg i den pakistanske delen av Kashmir.

Historisk viste omgrepet «Kashmir» berre til Kashmirdalen mellomHimalayafjella og den noko lågare fjellkjedaPir Panjal. Det har seinare blitt utvida til også å omfattaJammu ogLadakh og det kinesiskeAksai Chin.

Kashmir er kjend for snødekte fjell og annan vakker natur somDal-sjøen. Det kjølige klimaet har gjort han til eit mykje brukt feriestad under den varme indiske sommaren, særleg av britane underkolonitida.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Kashmir var eitfyrstedømme medmuslimsk fleirtal styrt av einhinduiskmaharaja fram til1947. Da maharajaHari Singh valde å bli verande uavhengig og derfor nekta å gjeva seg under bådeIndia ogPakistan, byrjapathanske menn med moralsk støtte fråpakistanske styresmakter å invadere fyrstedømmet. Maharajaen gav seg straks over tilIndia, som gjekk inn med sine troppar og slo attende invasjonen. Sidan den gong har bådeIndia ogPakistan kravd fullt herredømme over heile området.

Kashmir-konflikten

[endre |endre wikiteksten]

Den faktiske situasjonen i dag er at Pakistan har kontroll over noko under halvparten av området,Kina har kontroll over ein liten del i nord, ogIndia har kontroll over noko over halvparten av området. India og Pakistan har vore ikrig tre gonger over dette området — i19471948, i1965 og i1971; og det vart nye samanstøytar underKargilkonflikten i1999.Islamistiske aktivistar har byrja på einetnisk reinskingsprosess som har ført med seg at eit stort tal minoritetsmedlemmer og opphavlege innbyggjarar har måtta flykte fråKashmirdalen.Militante islamistar som står for væpnadjihád, har leirar fleire stader i skogane på den pakistanske sida av grensa. Ein ny spent situasjon oppstod i20012002, da India trappa opp den militære aktiviteten sin etter det India meinte var aktiv pakistansk støtte tilterroristar i dei indisk-kontrollerte områda av Kashmir.

Den indiske regjeringa gjer krav på heile området, inkludert den delen som blir administrert avPakistan, som den indiske regjeringa kallar «det pakistansk-okkuperte Kashmir», eller «POK».Pakistan, derimot, godkjenner ikkje nokon del av regionen som indisk og kallar området under indisk kontroll «det okkuperte Kashmir» og området som ligg under pakistansk kontroll «Azad Kashmir», eller «Det frie Kashmir», med unntak av dei nordlegaste områda, som er ei separat administrasjonseining med det offisielle namnetDei nordlege områda.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kashmir&oldid=3123141»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp