Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kasakhstan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Қазақстан Республикасы
Qazaqstan Respublıkasy
Республика Казахстан
Respublika Kazakhstan

(norsk: Kasakhstan, kasakhstansk)

Det kasakhstanske flaggetDet kasakhstanske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen


MottoIkkje noko
Geografisk plassering av Kasakhstan
Offisielle språkKasakhisk ogrussisk
HovudstadAstana
Styresett
Republikk
Qazym-Zjomart Toqajev
Olzjas Bektenov
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
2 724 900 km² (9.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
18 556 698 (60.)
6,8 /km² (185.)
Sjølvstende
  - Erklært
FråSovjetunionen
16. desember1991
Nasjonaldag25. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
430 500mill.USD (43.)
25 600USD (53.)
ValutaTenge
TidssoneUTC +5[1]
Telefonkode+7
Toppnivådomene.kz


Kasakhstan (kasakhisk Қазақстан,Qazaqstan;russisk Казахстан,Kazakhstan) er eit land som ligg dels iEuropa, dels iSentral-Asia. Det er det niande største landet i verda, og er t.d. større enn Grønland med eit areal på 2 724 900 km².

Kasakhstan strekkjer seg fråKaspihavet heilt tilKina og grensar tilRussland,Kirgisistan,Turkmenistan,Usbekistan ogFolkerepublikken Kina.

Over dei enorme områda som Kasakhstan dekkjer finn ein mange forskjellige terreng, fråsletter,taiga, åsar,elvedelta, fjell, somme av dei snødekte, og storeørkenar. Ut i frå innbyggjartal er Kasakhstan det 62. største landet i verda med ein folketettleik på mindre enn seks menneske per kvadratkilometer.

Kasakhstan var ein av dei femtensovjetrepublikkane iSovjetunionen fram til desember1991, då landet erklærte sjølvstende. Det totale folketalet har falle noko sidan sjølvstende frå 16,46 millionar i 1989 til om lag 15,3 millionar i 2006.[2] Dette kjem hovudsakleg av russarane ogvolgatyskarane si utvandring etter oppløysinga av Sovjetunionen. I dag er Kasakhstan eit medlem avSamveldet av sjølvstendige statar.

Kart over Kasakhstan

Oblast og raionar

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåOblast i Kasakhstan.

Kasakhstan er delt inn i 14oblast (облыстар,oblystar) eller provinsar og to kommunedistrikt (қалалар,kalalar)*:Almaty (Taldykorgan),Almaty*,Akmola (Koksjetau),Aktobe,Astana*,Atyrau,Vest-Kasakhstan oblast (Oral),Mangystau oblast (Aktau),Sør-Kasakhstan oblast (Sjymkent),Pavlodar,Karagandy,Kostanaj,Kyzylorda,Aust-Kasakhstan oblast (Oskemen),Nord-Kasakhstan oblast (Petropavl),Zjambyl oblast (Taraz).

Merk: Provinsane har det same namnet som dei administrative sentera (bortsett frå der dei er nemnd i parantes). I 1995 inngjekk styresmaktene i Kasakhstan og Russland ein avtale der Russland i ein periode på tjue år kunne leige eit område på 6 000 km² rundtKosmodrome Bajkonur og byen Bajkonur. Nyleg vart denne leigeavtalen forlenga til 2050.[3]

Kvar provins vert styrt av ein Akim (provinsguvernør) som presidenten peikar ut. Kommune-akimar vert så utpeikt av oblast akimane. Styresmaktene i Kasakhstan overførte hovudstande frå Alamty til Astana10. desember1997.

Provinsane er vidare delt inn iraionar.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåKasakhstansk geografi.

Med eit areal på 2,6 millionar kvadratkilometer er Kasakhstan det niande største landet i verda og er om lag like stort somVest-Europa. 6 846 km av landegrensene deler Kasakhstan medRussland, 2 203 km medUsbekistan, 1 533 km medKina, 1 051 kmKirgisistan og 379 km medTurkmenistan. Av store byar finn einAstana (hovudstaden sidan desember 1997),Almaty (den tidlegare hovudstaden),Karaganda,Tsjimkent,Semipalatinsk ogTurkestan.

ElvaSyr-Darja iKyzylorda.

Terrenget strekkjer seg fråKaspihavet og austover til tilAltajfjella og frå dei enorme slettene iVest-Sibir og sørover til oasane og ørkenane iSentral-Asia.Den kasakhstanske steppa dekkjer eit område på rundt 804 500 km², eller ein tredjedel av landet, og er den største tørresteppa i verda. Steppa har storegrassletter og sandområde. Viktige elvar og innsjøar i landet erAralsjøen,Ili,Irtysj,Isjim,UralelvaTsjaryn,Balkhasjsjøen ogZajsansjøen.

Tsjarynravinen er 150-300 meter djup og 80 km lang og kuttar ned i det raudesandsteinsplatået langsTsjarynelva nord iTian Shan (200 km aust forAlmaty).

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Kasakhstan er det største landet iSentral-Asia, men har eitklima som er lite variert. BerreKaspihavet ogAralsjøen har ein viss påverknad på klimaet, elles er det stort sett berrekontinentalt steppeklima.Aktau på austkysten av Kaspihavet har mindre enn 150 mmnedbør i året medvind over 15 m/s (stiv kuling) meir enn 80 dagar i året. Fleire tiår medkunstig vatning har tappa Aralsjøen, som no nesten er tom. Dette har øydelagt både økonomien og dei økologiske forholda i området.

Dei nordlegesteppene får ein delregn- ogtorebyer om sommaren, og har ein årleg normalnedbør på om lag 500 mm. Dei sørlege delane av fjellområda , inkludert byen Almaty, har ofte ein våtare periode frå mars til mai etterfølgd av torebyer tidleg på sommaren.

Temperaturane i landet varierer mykje i løpet av året, og ofte har ein mykje vind. Vinteren erskya og kald, og dei fleste stader får ofte temperaturar under -10 °C, og enkelte stader ned mot -50 °C. Av og til kan einfønvind strøyme over fjella og gje stigande temperaturar. Denne vinden kan derimot verte kraftig i enkelte smale dalar, somDzjungarisk Alatau i nordaustlege område av Almaty, og her kan vinden kome opp i 45 m/s. Om sommaren kan det verte særs varmt i dei lågareliggande områda (over 40 °C), medan områda i høgda har behagelege temperaturar.

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Kasakhstan
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kasakhstan&oldid=3577867»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp