Satellittbilete av Karpatane.Dei sørlege Karpatane i Romania.Dei transilvanske vestlege Karpatane (Apuseni.Dei indre vestlege Karpatane, Tatra i PolenDei indre vestlege Karpatane, Tatra i Polen
Namnet 'Karpetes' kan trekkast tilbake til denurindoeuropeisk rota*sker-/*ker-, som detalbanske ordetkarpë (stein) har utvikla seg frå, kanskje via detdakisk ordet som tyddefjell,stein ellerkupert. Det gamle polske ordetkarpa tydde kupert, undervassfjell, knokete røter eller trestammer. Det vanlege ordetskarpa tyder skarp klippe eller vertikalt terreng.
Namnet på Karparane, eitdakisk folk, kan ha kome frå namnet på Karpatane. Namnet er nedteikna i seine dokument fråRomarriket (Zosimus), og at dei budde på austsida av Karpatane fram til381. Eit anna alternativ er at fjellkjeda har fått namnet sitt frå det dakiske folket.
Ungarske dokument frå 800-900-talet kallar fjellaThorchal,Tarczal eller stundomMontes Nivium.
I den skandinaviskeHervarar saga, som skildrar gamle germanske segner om kampane mellomgotarane oghunarane, dukkar namnetKarpates opp i den forutseielege germanske forma somHarvaða fjöllum (sjåGrimms lov).
Karpatane reiser seg vedDonau nærBratislava. Dei krinsar rundtTranskarpatia ogTransilvania i ein stor halvsirkel, og sveiper så sørvestover og sluttar ved Donau nærOrşova iRomania. Den totale lengda er over 1 500 km, og breidda varierer mellom 12 og 500 km. Karpatane er på sitt breiast påDet transilvanske platået og på det høgaste iTatrafjella (medGerlachovský štít på 2 655 m som det høgaste fjellet, ved Slovakia nær den polske grensa). Ho dekkjer eit område på 190 000 km², og er etterAlpane det mest utstrekte fjellsystemet i Europa.
Sjølv om Karpatane ofte vert kalla ei fjellkjede, er dei eigentleg ei gruppe av fjellkjeder. Karpatane har berre få stader over 2 500 meter og manglar dei bratte toppane med omfattande snødekke, storeisbrear, høge fossefall og store innsjøar, som er vanleg i Alpane. Ingen område av Karpatane har snødekke året rundt, og har heller ingen isbrear. Dei høgaste områda av Karpatane er ikkje høgare enn dei middelhøge delane av Alpane, og har stort sett det sameklima og plantelivet som desse områda.
Karpatane er fråskild Alpane avDonau. Dei to fjellkjedene møtes berre i eit punkt,Leithafjella vedBratislava. Elva skil òg Karpatane fråBalkanfjella vedOrşova i Romania. Dalane til elvaneMarch ogOder skil Karpatane fråSchlesien ogMoravia, som ligg midt i det store sentrale fjellsystemet i Europa. I motsetnad til andre delar av dette systemet er Karpatane, som dannar vasskiljet mellom dei nordlege hava ogSvartehavet, omkransa av sletter. Desse erDen pannoniske sletta i sørvest, sletta som vert danna av den lågare delen av Donau (Romania) i sør, ogGalitsjasletta i nordaust.
Den geologiske grensa mellom dei vestlege og austlege Karpatane går om lag langs linja (frå sør til nord) mellom byaneMichalovce -Bardejov -Nowy Sącz -Tarnów. I eldre system går grensa lenger aust langs elvane (nord til sør)San ogOsława (Polen) – byenSnina (Slovakia) – elvaTuria (Ukraina). Biologar set derimot grensa enno lenger aust.
Ukrainarar kallar stundom Aust-Karpatane forDei ukrainske Karpatane (eller Skogkledde Karpatane), det vil sei hovudsakleg den delen av fjella som ligg i Ukraina (nord forPrisloppasset), medan rumenarane stundom berre kalla den andre delen for Aust-Karpatane, som ligg i Romania (frå grensa av Ukraina eller frå Prisloppasset og sørover).
Rumenarane delar vidare Aust-Karpatane i Romania vidare inn i tre geografiske grupper (nord, sentralt, sør), i staden for Ytre og Indre. Desse er: