Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kantonen Zug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om kantonen i Sveits. For andre tydingar av ordet, sjåZug (fleirtyding).
Zug
Zoug,Zugo,Zug
kanton
Symbol
Forkorting:ZG
Land Sveits
Hovudstad Zug
Høgaste punkt Wildspitz
  høgd1 580 moh.
Areal238,73 km²
Folketal132 556(1. januar 2024)[1]
Kanton sidan1352
Språktysk
Kart
Kantonen Zug
47°09′53″N8°32′53″E /47.1648°N 8.548°E /47.1648; 8.548
Kart som viser Kantonen Zug.
Kart som viser Kantonen Zug.
Kart som viser Kantonen Zug.
Wikimedia Commons:Canton of Zug

Zug er ein avkantonane i Sveits. Han ligg i det sentrale Sveits.Kantonen har eit areal på 239 km², og hadde om lag 127 000 innbyggarar i 2018. Hovudstaden i kantonen er byenZug.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Zug grensar til kantonaneZürich i nord,Schwyz i sør, ogLuzern ogAargau i vest. Landskapet er dominert av åsar og langstrakte fjellryggar. 1 580 meter høge Wildspitz i fjellmassivetRossberg er det høgste punktet i kantonen.Zugsjøen ligg for ein stor del i kantonen.

Språk og samfunnn

[endre |endre wikiteksten]

Tysk er skriftspråk i kantonen, talemålet høyrer til den sveitsartyske dialekta. Om lag 22% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 62% av folket er medlemmer av denromersk-katolske kyrkja, medan 18% soknar tilprotestantismen.

Zug består av elleve kommunar:Baar,Cham,Hünenberg,Menzingen,Neuheim,Oberägeri,Risch,Steinhausen,Unterägeri,Walchwil ogZug.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Den eldre historia til kantonen er praktisk talt identisk med hovudstaden Zug si. I 1798 danna kantonen ein del av Tellgau, ein slags stat i det indre av Sveits. Noko etter vart Zug eit av distrikta i den vidstrakte kantonen Waldstätten irepublikken Helvetia. Kantonen Waldstätten bestod også av det som i dag er kantonen Schwyz, kantonen Luzern,Unterwalden og kantonenUri.

Gjennom meklingsavtalen av 1803 fekk kantonen Zug atter sjølvstende som ein eigen kanton. Grunnlova av 1814 avskaffa opne forsamlingar (Landsgemeinde), som hadde eksistert i kantonen sidan 1376. I 1845 slutta kantonen Zug seg til det separatistiskeSonderbund og deltok iborgarkrigen i 1847. Denne enda med tap, og den sveitsiske konføderasjonen sørgde i 1848 for at dei resterande funksjonane med opne forsamlingar vart avskaffa. Både i 1848 og i 1874 røysta kantonen mot føderale grunnlover. Grunnlova for kantonen av 1876 vart endra i 1881, og erstatta av ei ny i 1894.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Kantonen Zug
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kantonen_Zug&oldid=3570784»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp