Kanselli (frålatincancel'laria) er ei nemning på eit sentralt forvaltningsorgan i ein stat.
Eit kanselli var opphavleg eit rom med «gitter» (cancelli), der fyrsten eller ein leiande embetsmann mottok og ekspederte skriv eller kunngjeringar.
Imellomalderen i Noreg var detkanslaren sitt kontor, og kanselliet syrgde for at kongen eller statsrådet sine dekret vart skrivne og utsende.
IDanmark-Noreg var kanselliet, innført medeineveldet i1660, delt i to.Det danske kanselli hadde ansvar for danske og norske innanrikssaker, så som kyrkje, skule og rettsstell. Medan dettyske kanselli hadde ansvaret for utanrikssaker og saker vedkomande kongen sine tyske hertugdømmeSchleswig ogHolstein.
Den katolske kyrkja sitt kanselli vart oppretta avpave Pius II i 1463.