Kalv (av norrøntkalfr) er eit namn for avkom hjåstorfe og visse andre jortarar. Ein kalv kjem til verda vedkalving. Ein storfekalv blir rekna med somkvige eller ungdyr når han er over eitt år.
Brukt om folk kan ordet «kalv» visa til nokon som på eit eller anna vis minner om ein kalv. Ein kan til dømes kalla unge og urøynde «kalvar» eller «gutkalvar».Å vera «ein kalv til å gjera noko» tyder at ein er er klønete eller keivete til det. Å snakke med «kalvskit på tunga» er eit munnhell for det åknotebymål. Om nokon erkalvbeint peiker leggane deira utover frå knea.
Brukt om ting viser «kalv» ofte til ein stor og ein liten ting. Fleire småøyar som ligg ved sida av ei større er blitt kalla «Kalv» (som britiskeCalf of Eday,Calf of Flotta) ellerKalvøy. I Nord-Amerika er «cow-calf» eit omgrep brukt om eitlokomotivsett der eitt lokomotiv har førarvogn og det andre ikkje.
I jødedommen og avleidde religionar varGullkalven eit gudebilde tilbedd av israelittane underutgangen frå Egypt. I kristendommen ergjøkalven som blir slakta for den attkomne sonen ei kjend likning.