Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kainainasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skilt ved inngangen til Blood-reservatet
Fråsoldansseremonien i Blood Indian Reserve i 1953.
Story Robe frå 1800-talet

Kainainasjonen (Káínawa,káínaa, engelskKainai Nation ellerBlood Tribe) er ei administrativ gruppe iFirst Nations i Canada frå sørlegeAlberta. Ho hadde 12 800 medlemmar i 2015,[1] opp frå 11 791 i desember 2013.[2]

Akáínaa kan omsetjast bokstaveleg til 'mange hovdingar' (fråaká, 'mange' ognínaa, 'høvding'), medanKáína kan omsetjast dirkete til 'mange hovdingar-folk'. Dei tradisjonelle fiendane deira,prærie-cree-folk, kallar kainaianemihkowiyiniw,[3] 'dekka av blod', eller 'blodtørstige', noko som har gjeve gruppa det engelske namnetBlood tribe.

Språket til kainaifolk tilhøyrer språkgruppablackfoot; målføret deira ligg nærast dei tilsiksika ogpiikani. Dei er ein av tre nasjonar som tilhøyrer samansluttingaBlackfoot Confederacy.

På tida då det blei underskrive avtalar somTreaty 7 heldt kainaifolket til ved elveneOldman,Belly ogSt. Mary vest forLethbridge i Alberta. KainaireservatetBlood 148, som ligg 200 kilometer (120 mi) sør forCalgary, er det størstereservatet iCanada med 4 570 innbyggjarar[4] på 1 410 km² (545 sq mi).

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

Folk frå kainainasjonen driv med ulike verksemder, og driv handel med nasjonale og internasjonale partnerar. Dei vinn ut det opal-aktige mineraletammolitt, som er etterspurt i Asia for bruk ifeng shui. Ammolitt er berre kjent fråBearpaw Formation, der unike tilhøve i førhistorisk tid førte til at marint liv blei fossilisert til dette mineralet.[5] Over tid har ein funne fleirefossil frå havlevandedinosaurar her. Dei er lagra for studium vedRoyal Tyrrell Museum, men tilhøyrer Kainainasjonen.[6]

I kulturen

[endre |endre wikiteksten]

I 1960 blei kainaifolk og den rituellesoldansen deira filma til National Film Board of Canada (NFB) sin dokumentarCircle of the Sun. Stammeleiarar hadde frykta at dansen, som hadde vore forboden, var i ferd med å døy ut, og tillet filming av seremonien for å ha eit visuelt minne.[7][8]

I 1973 gav NFB ut dokumentarenKainai, som tek for seg bygginga av ein fabrikk på landområdet deira og konsekvensane av dette.[9]

I samband med National Aboriginal Day i 2011 gav NFB utPete Standing Alone-trilogien, som omfattarCircle of the Sun,Standing Alone og filmenRound Up frå 2010, som tok for seg historia til kainainasjonen gjennom 50 år, i tillegg til livet til Pete Standing Alone.[10]

  • Kainai News[11] var ei av dei fyrste urfolksavisene i Canada, og hadde ei viktig rolle i historia til urfolksjournalisme i landet. Ho blei gjeven ut i sørlege Alberta av Blood Indian Tribe og seinare av Indian News Media. Avisa tok for seg ulike lokalsaker innan reservatet i tillegg til nasjonale saker somIndian Act,Whitepaper frå 1969 og Bill C-31. Avisa er kjend for vitseteikningane til Everett Soop. Den fyrste redaktøren var Caen Bly, eit barnebarn av senatorenJames Gladstone.[12]
  • Sun Dance Echo[13] var ein etterfølgjar tilKainai News. Redaktøren var Reggie Black Plume, ogHugh Dempsey bidrog med ein del artiklar.

Busetnader

[endre |endre wikiteksten]

Kainaibusetnader er mellom anna:[14]

  • Bullhorn
  • Fish Creek
  • Ft Whoop Up
  • Levern
  • Moses Lake
  • Old Agency
  • Standoff

Kjende kainaifolk

[endre |endre wikiteksten]
  • Cherish Violet Blood - skodespelar
  • Red Crow - 1887 Treaty Number Seven Chief
  • Byron Chief-Moon - utøvar og koreograf
  • Eugene Creighton (Owns Many Horses)
  • Eugene Brave Rock - skodespelar og stuntmann
  • Faye HeavyShield - kunstnar
  • Marie Smallface Marule - akademisk administrator, aktivist og pedagog
  • Natawista Iksina (1825-1893) - tolk og diplomat
  • Jerry Potts
  • Pete Standing Alone
  • Seen from afar (1810-1869) - Peenaquim (Pe-na-koam, Penukwiim), leiar for Blood-stamma i Blackfootnasjonen[15]
  • Elle-Máijá Tailfeathers - kainai- ogsamisk skodespelar, produsent, filmskapar og kuratorassistent[16][17][18][19]
  • Tom Three Persons - rodeoutøvar og rancher, vinnar av saddle bronc-tevlinga ved den fyrsteCalgary Stampede i 1912

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Blood Tribe - Kainaiwa».Blood Tribe - Kainaiwa. 
  2. Blood Tribe Registered Population - Aboriginal Affairs and Northern Development Canada -«Registered Population». Arkivert fråoriginalen 1. februar 2014. Henta 23. januar 2014. 
  3. «Search results».www.creedictionary.com. Henta 2. februar 2023. 
  4. [1] - 2016 Census Aboriginal Population Profile
  5. Lawrynuik, S (Feb 22, 2017).'
  6. Narine, S (2002).
  7. Rosenthal, Alan; John Corner (13. mai 2005).New challenges for documentary. Manchester University Press. s. 90–91.ISBN 0-7190-6899-1. 
  8. Low, Colin; Gil Cardinal.«Circle of the Sun».Curator's comments. National Film Board of Canada. Henta 4. desember 2009. 
  9. «Kainai».onf-nfb.gc.ca. National Film Board of Canada. Henta 14. januar 2023. 
  10. Anderson, Kelly (17 June 2011).«NFB celebrates National Aboriginal Day».Realscreen (Toronto). Henta 4. juli 2011. 
  11. Kainai News (1968-1991)
  12. Sanderson, Kay (1999).200 Remarkable Alberta Women. Calgary: Famous Five Foundation. s. 101. 
  13. Sun Dance Echo (1964-1966)
  14. Blood Tribe - About Us & Communities listed«About us | bloodtribe». Arkivert fråoriginalen 31. januar 2014. Henta 23. januar 2014. 
  15. «Biography – PEENAQUIM – Volume IX (1861-1870) – Dictionary of Canadian Biography».www.biographi.ca. 
  16. Dowell, K. L. (2015). «The future looks rad from where I stand: A review of claiming space: Voices of urban aboriginal youth at the UBC museum of anthropology».Anthropologica57 (1). ProQuest 1690736642
  17. «Elle-Máijá Tailfeathers».www.bcnu.org. Henta 17. september 2016. 
  18. «Film Screenings: Banchi Hanuse and Elle-Máijá Tailfeathers - SFU Woodward's - Simon Fraser University».www.sfu.ca. Henta 17. september 2016. 
  19. Indigenous Youth Wellness,Decolonization with Elle-Máijá Tailfeathers, henta 6. februar 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kainainasjonen&oldid=3581699»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp