Kagu | |
![]() Kagu Foto: Scott Meyer | |
Status | |
Status i verda: | |
Systematikk | |
Rike: | DyrAnimalia |
Rekkje: | RyggstrengdyrChordata |
Underrekkje: | VirveldyrVertebrata |
Klasse: | FuglarAves |
Orden: | Eurypygiformes |
Familie: | Rhynochetidae |
Slekt: | Rhynochetos |
Art: | KaguR. jubatus |
Vitskapleg namn | |
Rhynochetos jubatus |
Kagu (Rhynochetos jubatus,franskcagou) er ein langbeint, blågråfugl som erendemisk for tett fjellskog iNy-Caledonia. Dette er den einaste overlevande medlemmen av familien Rhynochetidae. Ein annan, størreart i slekta,Rhynochetos orarius, har vore skildra fråholocene subfossile funn.[1] Kaguar har nesten ikkje flygeevne, byggjer eit reir på bakken av pinnar og legg eitt egg. Dei har vist seg sårbare for introduserte rovdyr, og ertruga av utrydding. Leveviset åt arten er lite kjent fordi han er sjeldan og han lever i habitat som ikkje er lett tilgjenglege.
Kagu er ein bakkelevande fugl på storleik medhøns funnen iskog og buskskog i Ny-Caledonia. Til å vere ein fugl som lever på skogbotnen, har han uvanleg ljosfjørdrakt, oskegrå til kvit farge. Han hardun på kroppen som bidreg til å halde huda tørr og tilvarmeisolasjon idet tropiske klimaet. Han kan reise opp ein fjørtopp for å vise til andre medlemmar av arten. Han er nesten utan flygeevne, brukar vengene til oppvisingar, han har mønstre påhandsvingfjørene. Han brukar dessutan vengene til å flytte seg fort gjennom skogen og til glideflukt når han må vike unna farar. Kaguen har ikkje redusert storleik på vengene som mange artar utan flygeevner, men manglande muskulatur gjer dei til dårlege flygarar.[2] Både beina og nebbet er raudfarga, auga er store og plassert slik at dei gjev godtkikkertsyn. Kikkertsyn er nyttig til å søke byttedyr blant planterestar på bakken og til å sjå under dårlege lystilhøve i skogen. Dei syner litekjønnsdimorfisme utover ein skilnad i talet striper på handsvingfjørene.[2] Kaguar har ein eigenskap dei ikkje deler med andre fugleartar, dei har strukturar av utvekstar som dekkjer naseborane. Det er desse strukturane som gav arten slektnamnetRhynochetos, avleidd frå detgreske 'rhis' som tyder nase og 'chetos' som tyder korn. Ein annan unik eigenskap hos arten er at han berre har ein tredel av raude blodceller samanlikna med andre fuglar, men tre gonger mengda hemoglobin per raud blodcelle.[2]
Kaguar gjer ei rekkje ulike lydar, oftast i duett om morgonen, kvar duett varar i ca. 15 minutt.
Kagu er utelukkande kjøttetande, føda er ei rekkje byttedyr, av dei vektigaste erleddormar,sniglar ogøgler.[2] Dei tar òglarver,kongroer,skolopendrar oginsekt somgrashopper,biller og andre. Storparten av dietten finn dei i planterestar på bakken, andre byttedyr tar dei i frisk vegetasjon. Nokre gonger kan kaguar jakte smådyr på grunt vatn. Jaktteknikken deira er å stå urørleg på bakken eller på ein forhøging, og sjå etter byttedyr som rører seg. Dei kan stå på ein fot og sparke med andre foten for å openberre byttedyr.
Kaguar ermonogame, para held revir på rundt 100-280mål.[3] Reiret er enkelt bygd som ein haug med lauv, men i nokre tilfelle kan egga liggje rett på bakken . Reiret er ikkje gøymt, men ligg vanlegvis ved sida av ein trestamme, stokk eller ved låg vegetasjon. Eitt grått, litt skjolda egg veg 60-75 gram. Rugeplikta blir delt mellom foreldra. Kvar fugl rugar egget i ca. 24 timar, skiftet skjer midt på dagen kvar dag. Under kvar rugeøkt ligg fuglen på egget heile tida bortsett frå tidleg på morgonen, då vil fuglen gå kort bort for å kalle på maken, og nokre gonger òg ta føde. Rugetida varer i 33-37 dagar, som er lang tid for storleiken på egget.[2] Begge hjelper i å ta vare på ungar og tidlegare avkom som kan bli verande i territoriet til foreldra i mange år etter at dei er flygedyktige.
Situasjonen kring trugsmål mot arten vart første gongen tatt opp 1948.[4] Kagu er truga avinnførte kattar, griser og hundar.[5] Opphavleg mangla Ny-Caledonia andre pattedyr enn flaggermus,[6] og mange øyartar har vorte negativt påverka av introdusert pattedyr. Rotter har ein stor innverknad på overlevingsraten for fugleungar, og står for 55 % av tap av kaguungar.[7] Det første konkrete provet for effekten av hundar kom då ein utvald studiepopulasjonen raskt vart utrydda av hundar i 1990-åra,[8] sjølv om mistanke om påverknaden frå hundar og andre rovdyr hadde vore gjort kjent før dette, og kontrolltiltak mot hundar hadde vorte lovfesta i einskilde område i 1980.[9] Den første nedgangen i populasjon skuldast jakt i tillegg til fangst av kaguar til kjæledyr. I dag lid dei av habitattap, grunnagruvedrift ogskogbruk.CITES har oppført kagu som truga art, og kagu nyt fullt vern i Ny-Caledonia. Arten har vore gjenstand for målretta verneinnsats og kagu blir sett på som særs vektig i Ny-Caledonia, bevaring av arten er rekna som vektig for økonomien til landet og for omdømmet.