Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kaffeklubben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaffeklubben
øy
Land Grønland
Del avVerdens ytterpunkter, list of islands of Greenland
Folketal 0
Kart
Kaffeklubben
83°39′42″N30°36′36″W / 83.661666666667°N 30.61°W /83.661666666667; -30.61
Wikimedia Commons: Kaffeklubben Island

Kaffeklubben (grønlandskInuit Qeqertaat) er den nordlegasteøya iverda. Øya er kring ein kilometer lang, og finst på 83°40'N 29°50'W, 37 km aust for Kapp Morris Jesup utanforPeary Land på Grønland.

Ho vart oppdaga avRobert Peary i 1900. Den danske Jubilæumsekspeditionen 1921–23 gjekk i land på øya.

OppdagarenLauge Koch oppkalla øya etter ein uformellkaffiklubbGeologisk Museum vedUniversitetet i København. Fleire av oppdagarane av øya var med i kaffiklubben.

Einsandbanke er alt som er lenger nord. Denne heiterOodaaq, og vart oppdaga i 1978. Ettersom denne ofte blir dekt av hav og havis kan han vanskeleg reknast som ei øy.

Planteliv

[endre |endre wikiteksten]

Sjølv om øya ligg langt mot nord, veks fleire plantar der. I tillegg til ulike typarlav,mose oglevermose finst også blomsterplantaneraudsildre (Saxifraga oppositifolia) ogislandsvalmue (Papaver radicatum) der.[1][2][3]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Arctic Thule.«Kaffeklubben – Top of the World?». Henta 25. oktober 2013. 
  2. «The Flowers of Kaffeklubben Island».Atlas Obscura. 
  3. «Greenland 2007 Photos/Videos».Pax Arctica. Arkivert fråoriginalen 26. august 2014. Henta 23. august 2014. 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kaffeklubben&oldid=3489034»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp