KTM (Kronreif, Trunkenpolz, Mattighofen) er einmotorsykkelprodusent iAusterrike. KTM er mest kjend for å produsere cross- og endurosyklar med bådeto- ogfiretaktsmotor. Endurosyklar er motorsyklar som vert nytta i den konkurransesporten som vert kallaenduro, som går ut på å køyre i fastsette ruter gjennom naturleg terreng med store utfordringar. Nemninga kjem av denspanske ogitalienske versjonen av detengelske ordetendurance.
Føretaket vart grunnlagd i 1934 iMattighofen i Austerrike av mekanikarenHans Trunkenpolz somKraftfahrzeuge Trunkenpolz Mattighofen. Det var først i 1953 at føretaket produserte dei første syklane, 20 eksemplar vart produsert. I 1955 kom Ernst Kronreif inn, og då skifta føretaket namn til Kronreif, Trunkenpolz, Mattighofen. Dei var dei første til å produsere 4taktsmotor for en offroad motorsykkel. Dei var og først med einhydraulisk clutchmekanisme på alle modeller av motorsyklar, og var først til å lage ein konkuransesykkel, «supermoto». I 2003 vart produksjonen av motorsyklar av det svenske merketHusaberg underlagt KTM, men Husaberg vert framleis produsert i Sverige.