K2 (urdu کے ٹو –Ke Tu; kinesiskQogir)[1] er det nest-høgaste fjellet i verda, og det ligg på grensa mellomKina ogPakistan med ei høgd på 8 611 moh. Grensa mellom Kina og Pakistan går gjennom topp-punktet på K2; Grensa går mellomXinjiang ogKashmir (nordaust i områdetGilgit-Baltistan).
Montgomerie si originalteikning merka K2 (til venstre) og K1Masherbrum
Den engelske oppmålingsingeniørenThomas George Montgomerie kartla toppane i Karakoram frå fjellet Harmukh, over 200 km lengre sør, og teikna dei to mest markante toppane som han merka K2 og K1.[2] BokstavenK står forKarakoram. Tala har altså ikkje noko med høgda på fjella å gjere.
K2 (urdu کے ٹو –Ke Tu) er det offisielle pakistanske namnet på fjellet.Lambha Pahar er eit namn på urdu som tyder «høgt/stort fjell». Det offisielle kinesiske namnetQogir er avleia avChogori som kjem avchhogo (stort) ogri (fjell) på språket tilbaltifolket som bur i dalane vest for K2. Dette namnet er truleg konstruert av vestlege forskarar som var her tidleg på 1900-talet og den amerikanske fjellkatraren og lingvisten H. Adams Carter argumenterte i 1983 sterkt for ikkje å bruke det.[3] Lokalbefolkninga sjølve brukar avleiingar av K2, somKetu ellerKechu.
K2 blir òg kalla «Mount Godwin-Austen» etter Henry Haversham Godwin-Austen, leiaren av ein ekspedisjon i 1856. Carter meiner namnet «Godwin Austen» opphavleg berre blei brukt ombreen på søraustsida av K2, men at namnet på nokre kart ved ein feil vart tatt i bruk for heile fjellet.[4] Namnet «Dapsang» som ein kan sjå brukt no og då er ein rein feil; Dapsang er eit platå om lag 150 km frå K2.
Eit engelsk tilnamn på K2 erthe savage mountain («det ville/brutale fjellet»). Blant andre den italienske klatrelegendenReinhold Messner har gjeve K2 tilnamnetBerg der Berge («fjellas fjell»).
K2 ligg som ein del av massivetBaltoro Muztagh i den nordvestre delen av fjellkjedaKarakoram som grensar motTarimbekkenet i nord og motVesle Himalaya i sør. Smeltevatn frå dei store isbreane, som dei sør og aust for K2 er ei viktig kjelde til vassforsyninga i dalane. Karakoram ligg langsmed det sørlege området tilDen eurasiske plata og består av over 390 millionar år gamal sedimentstein. Desse laga blei falda og utsett forforkasting ved atgranittmassar blei ført inn etter atDen indiske plata for over 100 millionar år sidan byrja å kollidere med Eurasia.[5]
K2 ligg på eit område med jamt over høgtliggande platå, som Karakoram, den tibetanske høgsletta og Himalaya, slik atskardhøgda målt mot Everest over Mustang Lo berre er på 4 020 meter, noko som gir eit så høgt fjell som K2 ein heller smålåten 22. plass over verdas høgaste skardhøgder. Mange mykje lågare toppar enn K2 er meir «sjølvstendige» rekna på denne skalaen.
Lokalt ragar K2 likevel høgt, meir enn 3 000 meter over bredalane ved foten av fjellet. Det er bratt på nesten alle kantar. Nordsida er brattast: på berre 3 km horisontal distanse stig terrenget 3 200 meter opp over Qogirbreen. På dei fleste sidene er stigninga over 2 800 meter på mindre enn 4 km.[6]
Rett sør for K2 ligg tre fjell iGasherbrum-gruppa som òg strekkjer seg over 8 000 moh, og ingen stad i verda finst det så mange åttetusenmetrar på eit så lite område som iSentrale Karakoram.
Dei første menneska på K2 sine fjellsider var forskarar somRoberto Lerco (1890) og fjellklatrarar somWilliam Martin Conway (1892) – han òg dreiv forsking på fjellet. Det er ikkje kjend kor høgt opp dei kom. Ein engelsk-austerriksk ekspedisjon leia avOscar Eckenstein gjorde i 1902 det første alvorlege forsøket på å nå toppen. KlatrarenAleister Crowley ville gå over søraustegga, alle dei andre over nordaustegga – og i dette tilfellet hadde mindretalet rett. Over nordaustegga nådde dei berre om lag 6 000 moh, og rasande over det openberre feilvalet retta Crowley einrevolver mot ein medklatrar. Etter eit kort basketak vart han avvæpna. Under det neste forsøket gav CrowleyHeinrich Pfannl diagnosenlungødem og redda livet hans ved at dei raskt steig ned til lågare terreng.
I året 1909 snudde ein italiensk ekspedisjon leia avLudvig Amadeus, hertug avAbruzzo, på første forsøk over søraustegga ved 6 250 moh og konkluderte vonbroten at ingen nokon gong ville nå toppen.[8] Hertugen tok feil ogAbruzzi Spur som ruta dei nytta blir kalla er i dag den mest brukte.
Tjue år seinare leia hertugen avSpoleto ein vitskapleg ekspedisjon på K2 der både sør- og nordsida blei utforska. Denne ekspedisjonen hadde ingen fjellsportslege ambisjonar. Den kjende geologenArdito Desio var ein av deltakarane.
Neste toppforsøk kom i 1938, også den over Abruzziegga. Leiaren varCharles Houston. Bill House klatra den vanskelege passasjen som i dag blir kallaBill's Chimney og Paul Petzoldt lukkast litt seinare å nå 7 925 moh.
Fritz Wiessner ogsherpaenPasang Dawa Lama skreiv seg i 1939 inn i åttetusenmeters-historia då dei som del av ein amerikansk ekspedisjon klatra uten oksygenflasker. Dei snudde 230 meter under toppen då Pasang Dawa Lama meinte det var blitt for seint på dagen og tvilte på at dei hadde gudane med seg meir.
Neste planlagde forsøk dagen etter gjekk i vasken dåstegjerna som var festa til Pasang Dawa Lamas ryggsekk forsvann slik at dei ikkje kom seg over isen. Neste gjennomførte forsøk blei ein tragedie då tre sherpas og amerikanaren Dudley Wolfe forsvann, truleg i ei lavine.
I 1953, året før toppen blei nådd for første gong, var ein amerikansk ekspedisjon leia av Charles Houston på fjellet. Dei nådde ei høgd på 7 800 meter. Same året gjennomførteRiccardo Cassin og Ardito Desio ein forskingekspedisjon for å førebu nye ekspedisjonar.
Den første vellukka oppstigninga stodAchille Compagnoni ogLino Lacedelli for den 31. juli 1954, dei var deltakarar på ein stor italiensk ekspedisjon leia avArdito Desio, som hadde utforska K2 i 1929 og 1953. KlatrarlegendaWalter Bonatti og beraren Amir Mahdi frå Hunzadalen bar oksygenflasker opp til 8 100 meter og gjorde med det ein avgjerande innsats for at Lacedelli og Compagnoni nådde toppen. Då dei ikkje fekk anerkjenning for innsatsen, oppstod det konfliktar mellom deltakarane i ekspedisjonen.[9]
Abruzzi Spur over søraustegga som førsteklatrarane nytta er den vanlegaste ruta. Denne ruta fører tilThe Shoulder (ca. 7900 m) som ein òg kan nå over Cesen-ruta. Det siste åtaket på toppen startar til vanleg frå «skuldra».
Den storeséracen overThe Bottleneck, om lag 8 200 moh.
Foto: Rolf Zemp
Dei følgjande åra konsentrerte mange klatrarar seg om jomfruelege 8 000-toppar. Det neste forsøket på K2 kom ikkje før i 1960, men det var mislukka. Mellom 1961 og 1974 sperra Pakistan Karakorumfjella som følgje av utviklingane som førte tilDen andre indisk-pakistanske krigen. Nye forsøk kom i 1975 og 1976. Ein japansk ekspedisjon i 1977 var den andre som lukkast med å få folk på toppen. Dei gjekk ruta Abruzzi Spur som italienarane hadde gått opp og brukte meir enn 1 500 bærarar.[11]
AmerikanarenLouis Reichardt var 6. september 1978 den første som kom på toppen utan hjelp av medbrakt oksygen – om lag fire månader etter atReinhold Messner ogPeter Habeler var dei første til å gjere det same på Everest. Reichardt og kompanjongenJames Wickwire hadde med seg ei mindre mengde oksygen som dei meinte å bruke under siste delen av oppstiginga om det skulle bli naudsynt. Wickwire tok i bruk oksygenet, men Reichardt la att utstyret og kom opp på toppen saman med Wickwire. Neste dag kom eit anna av ekspedisjonens taulag opp: Rick Ridgeway og John Roskelly – heller ikkje dei brukte tilført oksygen. Den amerikanske ekspedisjonen gjekk over nordaustegga (nordaust for Abruzzi-egga) tilThe Shoulder og vidare til toppen.[12]
23. juni 1986 bleiWanda Rutkiewicz den første kvinna til topps. Seinare same dag stodLiliane Barrard på toppen, men ho og ektemannenMaurice Barrard omkom under nedstiginga. Kroppen til Liliane blei seinare funne ved foten av sørveggen, medan mannen hennar vart ikkje funnen før i 1998.
Dei første forsøka på oppstiging i den såkallaalpinstilen, dvs utan korkje oksygenflasker eller førebudde ruter med høgdeleirar og faste tau, lukkast først i 1991. Dei to franskmennene Pierre BeghinChristophe Profit nådde toppen 15. august ved å klatre ulike ruter opp og traversere mellom nordvestegga og nordveggen.[13]
Denis Urubko og Serguej Samoilov gjekk opp nordsida til topps den 2. oktober 2007. Aldri før hadde nokon vore oppe så seint på året.
Minst 80 (per september 2010) har mista livet på fjellet.
80-90% av alle som døyr på K2 gjer det under nedstigninga, utmatta etter oppstigninga i den tynne lufta. Fell ein først frå K2, fell ein heilt til botnen. Medan ein på Everest finn heile lik av omkomne klatrarar, finn ein berre lekamsdelar på breane ved foten av K2.[14]
I 1986 døydde 13 klatrarar frå ulike ekspedisjonar. Den største einskildkatastrofen skjedde 1. august 2008 då einsérac – ein stor isblokk – losna og utløyste eit skred som reiv med seg dei faste taua på ein del av ruta.
I alt døydde 11 klatrarar på K2,[15][16] ni som direkte følgje av denne hendinga og to i fallulukker timane før.[17]
Det er vanleg å rekne K2 for eit vanskelegare fjell å klatre ennMount Everest.[18] Grunnen er at K2 er brattare på alle sider, ligg lengre nord og har eit hardare og meir uberekneleg vêrlag. På K2 er det dessutan større avstand frå baseleiren til toppen.