Köln (kölschKölle, nederlandskKeulen, fransk og engelskCologne) er ein by iTyskland vedRhinen si vestlege breidd idelstatenNordrhein-Westfalen. Byen er den fjerde største iTyskland med tett opp til 1 million innbyggjarar, men ligg iRhin-Ruhr-området, eit av dei største storbyområda i Europa med meir enn ti millionar innbyggjarar.
Byen er ein av dei eldste i Tyskland og vart grunnlagd som ein romarleir i år 30 fvt. og vart på det tidspunktet kallaColonia Claudia Ara Agrippinensis. Köln fekk bystatus i år 50.
Den kjendeKölnerdomen er sete for det romersk-katolskebispedømet Köln.Universitetet i Köln er eit av dei eldste universiteta i Europa, og vart grunnlagd i 1388. Det vart derimot stengd i 1798 før det vart opna igjen i 1919.
Köln er eit viktig økonomisk og kulturelt senter iRheinland med over 30 museum og hundrevis av galleri. Utstillingar varierer frå lokale arkeologiske funn frå romartida til moderne kunst. I Tyskland er Köln òg eit viktig mediasenter med fleire radio og TV-stasjonar stasjonert her, som WDR, VOX ogRTL Group.
I romartida vart han kallaColonia Agrippina etter keisarClaudius siste gemalinne, fordi ho var fødd her. Plasseringa ved Rhinen og ein av dei store handelsrutene mellom det austlege og vestlege Europa var grunnleggande for at Köln vart ein kommersielt viktig by. Imellomalderen vart han eit viktig kyrkjeleg senter, i tillegg til eit senter for kunst og vitskap.
Köln er den eldste av dei tyske storbyane og fekk bystatus alt i år 50 e.Kr. Omkring år 300 vart han eit bispesete, og i 785 erkebispesete. Erkebiskopen av Köln var ein av dei sju tyskekurfyrstane, som valde denromerske keisaren og kongen av Tyskland. Erkebiskopen styrte eit stort område som verdsleg fyrste i mellomalderen, men i 1288 vart han slått av Köln sine borgarar og tvunge til å flytte tilBonn. Köln var medlem avHansaen, men vart førstfri keisarby i 1475.
Underden franske revolusjonen vart Rheinland invadert av franske troppar i 1794. Under det franske styret mista byen sin status som fri keisarby og fekk tilbake erkebiskopen, og vedWienerkongressen i 1815 vart han ein del av kongeriketPreussen. Han vart ein viktig industriby, og Kölnerdomen, som vart påbyrja i 1248 men gjeve opp på midten av 1500-talet, vart omsider ferdigstilt i 1880. Han er det største gotiske kyrkjebygget i Nord-Europa og er påUNESCO siverdsarvliste og eit viktig landemerke i byen. I 1850 hadde Köln over 100000 innbyggjarar.
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2025