K (k) er den ellevte bokstaven idet latinske alfabetet. Han stammer frågreskekappa (Κ, κ), som ilatin og i deiromanske språka så godt som heilt er avløyst avc. Lydverdien til bokstaven er i regelen ein ustemt, bakreplosiv, men føre fremrevokalar pånorsk ogsvensk har han oftast lydverdien [kj] (på norsk føre e, i og ei, øy, bortsett frå visse namn og framandord).
Ord som ikkje finst på k, bør søkast under c. Merk òg at både den greske bokstavenx og denrussiske bokstaven x blir transkribert som kh, til dømes Khalkis og Kharkov.
K – i skandinaviske og tyske ordenar forkorting for kommandør (tyskKomtur ellerKommandeur), vanlegvis den høgaste graden i ordenen. I britiske ordenar er han forkorting forKnight.
k - ISI-systemet eit symbol forkilo. Skrive føre eit einingssymnbol tydet det at eininga skal multipliserast med 1000. Innan IT står k (kilo) for 210 = 1024. Til dømes er 1 kB = 1 kilobyte = 1024 bytes.