Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Jurafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jurafjella
Fjellkjede
Utsyn motLelex frå nærCrêt de la Neige
Land Frankrike, Sveits
RegionarRhône-Alpes,Franche-Comté,Vaud,Neuchâtel,Jura,Basel-Landschaft
Del avAlpidene
Grensar tilAlpane
Høgaste punktCrêt de la Neige
 •  høgd1 720 moh.
Kart
Jurafjella
47°14′35″N6°01′19″E / 47.2431°N 6.0219°E /47.2431; 6.0219
Satellittbilete av Jurafjella
Satellittbilete av Jurafjella
Satellittbilete av Jurafjella
Wikimedia Commons: Jura mountains

Jurafjella er ei litafjellkjede nord forAlpane, mellom elvaneRhinen ogRhone og er ein del avvasskilje mellom dei. Fjella, som definert avJohann Gottfried Ebel, ligg iFrankrike,Sveits ogTyskland.[1]

I Frankrike dekkjer dei i røynda regionenFranche-Comté, og strekkjer seg sør til regionenRhône-Alpes aust for departementetAin, der det høgaste punktet i fjellkjeda ligg påCrêt de la Neige. Sørenden av dei franske Jurafjella ligg nordvest i departementetSavoie. Nordenden ligg heilt sør iAlsace. Fjellkjeda dekkjer om lag 1600 kvadratkilometer og er verna som ein del avJurafjella regionale naturpark.

I Sveits dekkjer fjellkjeda den vestlege grensa mot Frankrike ikantonaneBasel,Solothurn,Jura,Bern (Bern-Jura),Neuchâtel,Vaud, og grensa mot Tyskland ikantonenSchaffhausen. Ho dekkjer òg delar av kantonenBasel-Landschaft. Dei sveitsiske Jurafjella har vorte industrialisert sidan 1700-talet og var eit stort senter iurmakarindustrien. Derfor ligg det relativt store byar i høgda, somLa Chaux-de-Fonds,Le Locle ogSainte-Croix (kjend forspeledåsane). Dette området har opplevd fråflytting sidan kring 1960. Fjellområdet er òg eit av tre åtskilte geografiske regionar i Sveits. Dei to andre erDet sveitsiske platået ogDei sveitsiske Alpane.

I Tyskland er Jurafjella lågare, og strekkjer seg inn iBayern på platåa iSchwaben ogFranken.

Namnet «Jura» kjem fråjuria, ei latinisert form av den keltiske forstavingajor- som tyder «skog».[2][3][4]Fjellkjeda har gjeve namn til det franske departementetJura, den sveitsiskekantonen Jura og den geologiske periodenjura.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Ebel, J.G. 1808. Ueber den Bau der Erde in dem Alpengebirge zwischen 12 Längen- und 2-4 Breitengraden nebst einigen Betrachtungen über die Gebirge und den Bau der Erde überhaupt. Zweyter Band.Orell Füssli und Compagnie 428 s; Zürich
  2. Rollier, L. 1903. Das Schweizerische Juragebirge.Sonderabdruck aus dem Geographischen Lexikon der Schweiz, Verlag von Gebr. Attinger, 39 s; Neuenburg
  3. Hölder, H. 1964. Jura - Handbuch der stratigraphischen Geologie, IV.Enke-Verlag, 603 s., 158 figs, 43 tabs; Stuttgart
  4. Arkell, W.J. 1956. Jurassic Geology of the World.Oliver & Boyd, 806 s.; Edinburgh und London.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Jurafjella
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Jurafjella&oldid=3381793»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp