Julemusikk omfattar ei rekke ulike typar musikktypar knytte tiljuletida, frå klassisk instrumentalmusikk ogjuleoratorium til meir folkelegejulesongar med tekstar som kan knytta dei tiljuleevangeliet, julefeiring, julefigurar eller vinteren. Julemusikk kan framførast eller spelast ikyrkjer, påkonsertar, i butikkar og handlesenter, privat og ved festar.
Musikk knytt til jul kan førast tilbake til Romarriket på 300-talet, med latinskehymne som «Veni redemptor gentium».[1] Etterkvart blei det også laga julesongar på folkespråk, mellom anna under påverknad fråFrans av Assisi.[2] I engelsk tradisjon blei det lagacarolar, songar ein kunne dansa til, til jul. I 1426 nemndeJohn Awdlay 25caroles of Cristemas i eit verk, truleg songar framørte av vandrandewassailerar.[3] På 1500-talet blei det skrive fleire julesongar som framleis blir sungne, som «Det hev ei rose sprunge» og «Å juletre» (på tysk) og «God Rest You Merry, Gentlemen».[4]
Johann Sebastian Bach sittjuleoratorium,BWV 248, er ei barokk tolking avjuleevangeliet skrive til jula 1734 som er blitt framført ved juletider sidan.[5]Peter Cornelius komponerte eit verk av seks songar knytte til jul kallaWeihnachtslieder.
Andre kjende komponistar har skrive instrumentale verk til jul, somAntonio Vivaldi sin fiolinkonsert RV270Il Riposo per il Santissimo Natale ('For den alleheilagaste jula') ogJulekonsert (1690) avArcangelo Corelli. Andre klassiske verk knytte til jul er mellom annaL'enfance du Christ (1853–54) avHector Berlioz,Oratorio de Noël (1858) avCamille Saint-Saëns,Nøtteknekkeren (1892) avPjotr Iljitsj Tsjajkovskij,[6]Fantasia on Christmas Carols (1912) avRalph Vaughan Williams ogA Ceremony of Carols (1942) avBenjamin Britten.
George Frideric Handel sittoratoriumMessias blir ofte framført til jul.[7] Sjølv om det opphavleg blei skrive for å framførast tilpåske, dekkjer det delar av den kristne juleforteljinga.[8][9]