Eijulelenke ellerjuletrelenke er eingirlander ein kan bruka somjulepynt, gjerne på eitjuletre. Slike lenker kan til dømes vera av bær, greiner, popkorn, perler, papir eller kunstmateriale.
Ein lagar gjerne julelenker av papir som er farga eller glansa.
Ein vanleg norsk variant er lenker danna av papirstrimlar som er forma til ringar. Den fyrste strimmelenlimar ein til enden av seg sjølv for å danna ein ring. Kvar nye strimmel blir tredd gjennom den førre ringen og lima til enden av seg sjølv. Når ein gjentek dette fleire gonger blir det laga eikjettingliknande papirlenke.
Ein annan type julelenke av papp eller papir er kjend som musetrapp, og er laga av to lange papirstrimlar som ein brettar over kvarandre i trinn. Ein eldre tradisjon som er blitt sjeldan i nyare tid er einjakobsstige i papir. Han førestiller ein himmelstige med englar på, og eit bevart eksemplar frå før 1837 er det eldste eksempel på papirjulepynt som finst i Danmark.[1]
Å laga juletrelenker blir mellom anna brukt som ein aktivitet forbarn iførjulstida. Ein kan laga lenker avglanspapir, trykksaker eller anna dekorativt papir.[2][3]
Papirlenker eller girlandrar ein pyntar med til jul kan også ha dekorative papirstykke, som flagg, vimplar eller julefigurar. Flagglenker med norske eller danske flagg er vanleg julepynt i Noreg[4] og Danmark.[5]