Julekaker ersmåkaker det er vanleg åbaka eller kjøpa tiljul. Dei blir også serverte og etne ved juletider, typisk fråadvent til og medromjula.
Eit omgrep knytt til julekakene er «dei sju slaga» eller «dei sju sortane», der ein var meint å baka sju ulike kakeslag før jul. Ein kan velja sju slag frå fleire meir eller mindre juleaktige kaker. I ei avstemming iAftenposten i 1992 blei desse sju slaga valde ut som nødvendige julekaker:Smultring/hjortetakk,sandkake,sirupssnipp,berlinerkrans,goro,krumkake ogfattigmann.
Andre kakeslag som mange meiner høyrer jula til erbrune pinnar, havre- ellerkokosmakron,julekake,jødekake,kransekake (stenger),kling ellerlefse,Mor Monsen,nøtterose,peparkake,peparnøtt,rosett- ogbordstabelbakkels ogserinakake.
I samband med betre tilgang påsjokolade er det også blitt vanleg å laga konfektkaker somdelfiakake ogrisbolle til jul. Til jul i dag kan ein også laga storekaker og ikkje berre småkaker.
I tysk tradisjon erLebkuchen, ei mjuk peparkakeaktig kake, ei utbreidd julekake.
Av større kaker laga til jul finn ein den engelskeplum-puddingen, som blir tent på ved servering, og franskeBûche de Noël, 'julekubbe', ei kake laga for å sjå ut som ein vedkubbe lik den ein har hatt for skikk å pynta og brenna til jul i fleire europeiske land.