Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Judea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Judea
region
Kart over dei tolv stammene i Israel
Land Israel, Palestina
Del avIsraels land
Koordinatar31°41′56″N35°18′23″E / 31.69889°N 35.30639°E /31.69889; 35.30639
Kart
Judea
31°41′56″N35°18′23″E / 31.698889°N 35.306389°E /31.698889; 35.306389
Kart som viser Judea.
Kart som viser Judea.
Kart som viser Judea.
Wikimedia Commons: Judea

Judea (hebraisk יהודה,Yəhuda, tiberhebraiskYəhûḏāh,arabisk يهودية,Yahudia,gresk Ἰουδαία,Ioudaía) er ei nemning på eit område sør iVestbreidda derjødar slo seg ned ettereksilet i Babylonia.[1][2] Judea er ei gresk-latinsk form av detarameiskejehud, avhebraisk for 'prise'.[3] Namnet på regionen vart framleis nytta etter den babylonske erobringa ogpersisk,hellenistisk ogromersk tid. Som følgje avBar Kokhba-opprøret i 135 evt. fekk regionen nytt namn og vart slått saman medRomersk Syria tilSyria Palaestina av den sigrande romerske keisarenHadrian. OmgrepetJudea som geografisk omgrep vart offisielt henta fram att på 1900-talet som ein del av det idraelske distriktnamnet på det meste avVestbreiddaJudea- og Samaria-området.[treng kjelde]

Judea låg sør forSamaria og nord forIdumea, mellomMiddelhavet ogDødehavet. Området blei mykje utvida under avmakkabearane.

Judeafjella

Judea med naboområde blei eit vasallrike underRomarriket i det første hundreåret f.Kr. og ein romersk provins frå år 6.[4]

Området er i dag er delt mellomIsrael ogVestbreidda, og i nokre samanhengar,Jordan.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Middelhavseik ogterebintskog iElahdalen, sørvest i Judea.

Judea er eit fjellendt område og delar av området vert rekna som einørken. Høgda varierer mykje, frå 1 020 moh. i sør vedHebron-fjellet, 30 km sørvest forJerusalem, og fell så mykje som til 400 meter under havnivå aust i regionen. Området får lite nedbør, frå kring 400–500 mm i dei vestlege åsane, til kring 600 mm kring Vest-Jerusalem (sentralt i Judea), og så attende til 400 mm i Aust-Jerusalem og berre kring 100 mm i austlege område på grunn av einregnskugge. Dette tørraste området vert kallaJudeaørkenen. Klimaet varierer såleis mellommiddelhavsklima i vest ogørkenklima i aust, medn ei smal stripesteppeklima i mellom.

Dei største byane i regionen er Jerusalem,Betlehem,Gush Etzion,Jeriko ogHebron.[5]

Geografar deler Judea inn i fleire regionar: Hebronåsane, Jerusalemsadelen,Bethelåsane og Judeaørkenen aust for Jerusalem, som fell i fleire steg ned tilDaudehavet. Åsane markerer seg med einantiklin struktur. I antikken var desse åsane skogkledde, og iBibelen er det skildra jordbruk og sauehald i området. Det er framleis dyr som beitar her, med gjetarar som flyttar dei opp til åstoppane om sommaren. Det jødiske opprøret mot romarane enda i at store område vart øydelagt på landsbygda i Judea.[6]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. A History of the Israeli-Palestinian Conflict – Mark A. Tessler – Google Books. Books.google.com. Henta 1. oktober 2014. 
  2. http://www.nytimes.com/2008/12/05/world/middleeast/05mideast.html?_r=0
  3. «Judah, Kingdom of». Jewish Encyclopedia. Henta 1. oktober 2014. 
  4. Benjamin IsaacThe Near East under Roman Rule: Selected Papers (Leiden: Brill 1998). Oppgjeve avEngelsk Wikipedia.
  5. «Picturesque Palestina I: Jerusalem, Judah, Efraim». Lifeintheholyland.com. Henta 1. oktober 2014. 
  6. «Unlikely A Tale of Two Conquests: The Unlikely Numismatic Association Between the Fall of New France (AD 1760) and the Fall of Judea (AD 70)». Ansmagazine.com. Arkivert fråoriginalen 7. juli 2012. Henta 1. oktober 2014. 
  • Kapelrud, Arvid S. (13. desember 2012).Judea,Store norske leksikon. Henta 19. november 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Judea
Byar
Map of Judea and Samaria Area
Regionale kommunar
Lokale kommunar
Regionale kommunar
Region
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Judea&oldid=3566935»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp