Jordnøtt | |
![]() Jordnøtt på Aukra i Møre og Romsdal | |
Status | |
Status i Noreg:![]() | |
Systematikk | |
Rike: | PlanteriketPlantae |
Rekkje: | KarplantarTracheophytes |
Underrekkje: | FrøplantarSpermatophytes |
Orden: | SkjermplanteordenenApiales |
Familie: | SkjermplantefamilienApiaceae |
Slekt: | Conopodium |
Art: | JordnøttC. majus |
Vitskapleg namn | |
Conopodium majus |
Jordnøtt ellerjordnòt (Conopodium majus) er einart i skjermplantefamilienApiaceae. Det er ei opptil 50 cm høg fleirårig urt, med etande jordknoll. Jordnøtt har findelte blad med linjeforma flikar og kvite blomar i skjerm. Ho blomstrar på føresommaren (juni). Frukta er glinsande svartbrun og 4 mm lang.
I Noreg veks jordnøtt på grasbakkar, beite, i skog og kratt i kyst- og fjordstrøk frå Telemark til Nord-Trøndelag, samt på eit par førekomstar i Nordland. Planta finst også på Færøyane, svært sjeldan i Sverige og i Danmark, elles i Vest-Europa.
Planta må ikkje forvekslast medpeanøtt som også av og til blir kalla jordnøtt, og som høyrer tilerteblomfamilien (Fabaceae).