Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Jordfresar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordfresar.
Nærbilete av rotoren på ein jordfresar.

Jordfresar er einjordbruksmaskin med ein roterande aksling med L-forma knivar, montert itrepunktsopphenget og driven fråkraftuttaket på eintraktor. Turtalet til rotoren varierer frå 125 til 500O/min, men 250 til 350 o/min er mest vanleg[1]. Standard turtal på kraftuttaket er 540 eller 1000 o/min, så mange jordfresarar hargirkasse med fleire hastigheiter. Jordfresarar krev storeffekt og dei fleste vert drivne med 1000 o/min på kraftuttaket, som er det vanlege på større traktorar. Arbeidsbreidda varierer frå rundt 0,5 m for små sjølvgåande fresar til over 6 m for store maskinar. Arbeidsdjupna vert justert med djupnehjul eller meiar.

Jordfresarar vert nytta for å knusa torv og jordklumpar og for å blandakalk ognaturgjødsel med jorda. Dei høver godt på myrjord og kan i nokre høve erstatta pløying og horving. På steinrik jord høver dei ikkje så godt. Maskinane er kostbare, krev stor effekt og har høge driftutgifter.

Motorhakker

[endre |endre wikiteksten]
Honda motorhakke.

Motorhakker er små sjølvgåande jordfresarar som vert nytta innanhagebruk og idrivhus. Motorhakker har ikkje så høgt turtal som traktormonterte jordfresarar og er meir å rekna for roterande hakker. Dei vert drivne framover av rotoren. Små jordfresar fortohjulstraktorar er òg meir å rekna som roterander hakker enn som jordfresarar.

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Bell, B.,Farm machinery, Farming press, 4. utg., 1996.
Jordarbeiding
Planting og såing
Gjødsling og vatning
Radreinsking og ugrasfjerning
Innhausting
Transport
Mjølkeproduksjon
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Jordfresar&oldid=3313106»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp