John Ray (29. november 1627–17. januar 1705) var einengelskprest ognaturvitskapsmann som vart verdsett som ein av dei tidlegaste naturforskarane blant dei engelske prestane. Fram til 1670 skreiv han namnet sitt som John Wray. Han publiserte viktige arbeid ombotanikk,zoologi og naturleg teologi. Han er kjent for klassifisering avplantar i verketHistoria Plantarum, eit viktig skritt mot moderne taksonomi. Ray avviste systemet meddikotomisk inndeling der artar vart klassifiserte i samsvar med eit førehandsoppfatta, enten/eller typesystem. I staden klassifiserte han plantar i samsvar med formlikskapar og forskjellar som kom fram ved observasjon. Han var blant dei første som freista ein biologisk definisjon for omgrepet'art', som «ei gruppe morfologisk liknande organismar som stammar frå ein felles forfar».[1] Eit anna vesentleg bidrag til taksonomi var inndelinga hans av plantar i dei medtofrøbladingar (dicotyledoneae) eller berre eitt,einfrøbladingar, ei inndeling som blir brukt i taksonomi i dag.[2]
«John_Ray» iStore norske leksikon, snl.no.