John Franklin | |||
![]() | |||
Fødd | 16. april1786 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Spilsby | ||
Død | 11. juni1847 | ||
Dødsstad | Qikiqtaq | ||
Rang | admiral | ||
Eining | Royal Navy |
John Franklin (16. april1786–11. juni1847) var ein britiskkontreadmiral og oppdagar. Han leidde fleire ekspedisjonar til dei nordlegaste delane avNord-Amerika, særleg områda langsNordvestpassasjen. Den siste av desse ekspedisjonane byrja i 1845 med eit stort mannskap ombord på krigsskipaHMS «Erebus» ogHMS «Terror». Målet var å finna ein veg gjennom Nordvestpassasjen, men ekspedisjonen forsvann og det blei skipa mange leiteekspedisjoner etter han. Fyrst fleire år seinare fann ein ut at alle om bord hadde omkomme.
Franklin kartla nesten to tredelar av den nordlegaste kysten av Nord-Amerika. I tillegg var hanguvernør påTasmania.
Franklin var fødd i Spilsby iLincolnshire. Han var eit av tolv barn i ein velståande handelsfamilie. Då han var fjorten år gammal gjekk han inn iden britiske marinen. Han deltok vedangrepet på Københavns red i 1801 og vedslaget ved Trafalgar i1805, der han var ombord påHMS «Bellerophon». I 1818 var hankaptein på ein av båtane tilDavid Buchan, som gjorde eit mislykka forsøk på å segla tilNordpolen fråSvalbard.
Franklin er blitt skildra som beskjeden, overvektig,[1] religiøs og svært sjarmerande,[2] og populær som leiar.[3][4] Han var delvisdøv etterSlaget ved Trafalgar.[5]
I 1819 blei Franklin sendt avdet britiske admiralitetet for å utforska nordkysten avCanada. Planen var å ta seg fram over land tilCoppermine-elva, følgja henne ned til kysten og så ta seg anten aust- eller vestover. Ekspedisjonen var dårleg planlagd, og var avhengig av å få forsyningar frå handelskompani undervegs. Franklin var også fysisk lite eigna til denne typen strabasar.
Etter ein hard tur gjennom villmarka nådde ekspedisjonen området rundt kjeldene til Coppermine sommaren 1820. Franklin bygde eit vinterkvarter der, Fort Enterprise, som omfatta eit par tømmerhytter. Sommaren 1821 fortsette dei ned Coppermine, og segla så 800kilometer austover langs kysten i trekanoar. Maten byrja å ta slutt, og 22. august byrja gruppa å gå over land tilbake til Fort Enterprise. Det var umogleg å skaffa proviant undervegs, og fleire døydde av svolt. Ein av deltakarane drap fire av dei andre, og åt delar av dei før han sjølv blei drepen. Alt i alt døydde elleve av tjue deltakarar, før ekspedisjonen blei redda av lokale innbyggjarar 7. november. For å overleva hadde deltakarane m.a. måtta eta reservestøvlane sine, og det blir påstått at fleire enn den tidlegare nemnde tydde tilkannibalisme.[6]
Sjølv om ekspedisjonen hadde utvikla seg til ein katastrofe fordi Franklin pressa han for langt utan nødvendige forsyningar, blei han hylla som ein helt då han kom tilbake til England. Han fekk tilnamnet «mannen som åt støvlane sine», og blei forfremma tilkommandør.[7]
I 1823 gifta Franklin seg med diktarenEleanor Porden. Dette var ikkje eit vellykka ekteskap.[8] Allereie i 1824 blei det oppdaga at ho haddetuberkulose.
Den neste ekspedisjonen til Franklin gjekk nedMackenzie-elva. Han hadde lært av den førre ekspedisjonen, og denne gongen var alt planlagt og førebudd på førehand. Proviant og forsyningar skulle skaffast direkte, utan å vera avhengig av handelskompania. Ekspedisjonen forlét England 16. februar 1825. Det var då klart at Eleanor var døyande, men ho overtalte mannen sin til å fortsetja.[9] Ho døydde seks dagar etter at han drog.
Reisa fram til utløpet av Mackenzie gjekk utan særlege problem, heilt ulikt den føre ekspedisjonen til Franklin. Deretter drog følgjet opp tilStore Bjørnesjø, der han laga til eit vinterkvarter. Året etter segla ekspedisjonen på nytt ned Mackenzie, og ved utløpet delte han seg i ei gruppe som drog austover og ein vestover. Dette blei ein suksess, og ein stor del av nordkysten av Canada blei kartlagd. Franklin var nok ein vinter ved Store Bjørnesjø, og kom tilbake til England 1. september 1827.
Som løn for den vel gjennomførde ekspedisjonen blei Franklin adla i 1828 av kongGeorge IV av Storbritannia. Same året gifta han seg medJane Giffin (deretter omtalt offentleg som lady Franklin), ei venninne av den fyrste kona hans.
Det var no ein viss stillstand i etterspurnaden frå admiralitetet etter Franklin som ekspedisjonsleiar, og han måtte finna noko anna å gjera.[10]
Han blei utnemnd til viseguvernør påTasmania (Van Diemen's Land) i 1836, som då var ein straffekoloni. Dette var ikkje ein god periode for Franklin, sidan det liberale og vennlege vesenet hans ikkje passa til den harde straffekolonien.[11] I tillegg blei den aktive og intelligente Lady Franklin, som mellom anna prøvde å starta eit universitet, upopulær blant dei relativt snevre fruene i kolonien.[12] Noko som forverra situasjonen ytterlegare var at han kom i krangel med sekretæren sin, John Montagu. Montagu stod på god fot med kolonistane, men hadde ein tvilsam personlegdom.[13] Det enda med at Franklin sparka Montagu og sende han heim, men då Montagu kom tilLondon fekk han overtaltEdward Smith-Stanley (som var koloniminister) om at Franklin var udugeleg. Stanley gav Franklin sparken som guvernør på ein svært ufin måte, Franklin las om avskjeden i avisa lenge før ho kom gjennom offisielle kanalar.
12. januar 1844 forlét ekteparet Franklin Tasmania.[14]
Det var framleis 500 km av Nordvestpassasjen som ikkje var utforska, og i 1845 sendte admiralitetet ut ein stor ekspedisjon som skulle kartleggja den siste delen. I tillegg skulle han utføra vitskaplege studiar avjordmagnetismen nærden magnetiske nordpolen.[15][16] Ekspedisjonen bestod av 129 mann fordelt på to sterke og veleignabombarderfartøy,HMS «Terror» ogHMS «Erebus». Begge var tidlegare blitt brukte avJames Clark Ross i utforskinga avAntarktis. Franklin blei utpeikt som øvstkommanderande for heile ekspedisjonen, medanFrancis Crozier blei kaptein på «Terror» ogJames Fitzjames på «Erebus».
Dei to skipa drog utThemsen 19. mai 1845. Dei blei sist sett av andre europearar den 26. juli, ved innløpet til Nordvestpassasjen. Etter dette forsvann alle spor.
I 1848 blei admiralitetet tvinga til å senda ut tre ekspedisjonar for å finna Franklin og følgjet hans, men alle var mislykka. Etter dette mista det mykje av interessa, og sette i staden opp ei pengeløn for å få andre til å gjera jobben. Kona til Franklin, ladyJane Franklin, arbeidde iherdig for å få sendt ut fleire leiteparti. I slutten av august 1850 byrja ein endeleg å finna spor, på øyaBeechey Island fann ein Franklin sitt vinterkvarter frå 1845, saman med gravene til tre av besetningsmedlemmene.
Det endelege gjennombrotet i etterforskinga kom i 1853, dåJohn Rae drog over land tilKing William Island. Der fortaldeinuittar at dei hadde møtt 40 europearar som hadde dratt ein lettbåt sørover vinteren 1849-1850, og som sidan hadde omkomme. Dei kvite hadde forklart medteiknspråk at båtane deira var blitt skrudd ned av isen. Seinare fann inuittane 35 av dei døde på fastlandet. Nokre av dei hadde tydd til kannibalisme i desperasjon.
I 1859 fannFrancis Leopold McClintock restar etter Franklinekspedisjonen på vestkysten av King William Island. Desse omfatta trelik og ein beskjed i einvarde. Denne fortalde at Franklin hadde døydd 11. juni 1847, og at dei overlevande hadde overgitt skipa 22. april 1848 og dratt sørover.
I 1852 blei Franklin posthumt forfremma tilkontreadmiral.