John Field | |||
![]() | |||
Fødd | 26. juli1782 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dublin | ||
Død | 23. januar1837 (54 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Opphav | Irland, Kongeriket Irland, Det russiske imperiet | ||
Sjanger | klassisk musikk,nokturne | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist,komponist,lærar,lyrikar | ||
Born | Leon Leonov |
John Field (26. juli 1782–23. januar 1837) var einirskpianist ogkomponist. Han blir rekna som oppfinnar av musikkformanocturne somFrédéric Chopin utvikla vidare.
John Field blei fødd iDublin. Han studerte førstklaver hos far sin som varfiolinist, og seinare medTommaso Giordani. Han fortsette utdanninga hosMuzio Clementi iLondon. I 1802 følgde han med Clementi på ei reise tilParis for å vise fram klaver som Clementi hadde bygd og for å opptre som pianist. Året etter reiste begge tilSt. Petersburg der Field blei værande og skapte seg eit ry som kunstnar og lærar. Han foretok òg ei rekke konsertreiser. Frå 1822 til han døydde i 1837 budde han iMoskva.
Field er den første komponisten som skreiv nocturner. Desse stykka påverkaFrédéric Chopin i sterk grad, og han skreiv sjølv 21 nocturner som gjorde forma vidkjend. Field sine i alt 18 nocturner høyrer til dei tidlegaste einsatsige, romantiske karakterstykka for klaver og kan sjåast på som viktige forløparar for mangeromantiske komponistar sine verk, til dømesFelix Mendelssohn Bartholdy,Robert Schumann,Franz Liszt ogEdvard Grieg.
Field skreiv sjuklaverkonserter, den andre (1811) er nok den mest kjende, sjølv om den fjerde (1819) ofte blir sett på som meir verdefull reint musikalsk. Av orkesterverk finst det trerondoar og eintranskripsjon av Field sin tolvte nocturne, ved sida av et stor tal verk for piano solo,kammermusikalske verk og nokre fåvokale verk.