Verka hans omfattarpreiker, religiøsedikt, omsetjingar frålatin,epigram,elegiar, songar,sonettar ogsatirer.Han lèt assosiasjonar styre rim og verselinjer, og han tok i bruk overraskande bilete, gjerne frå tidas oppdagingar og vitskap, noko som var nytt i høve til renessansediktinga. På grunn av desse moderne trekka fekk merksemda kring poesien hans eit oppsving undermodernismen på 1900-talet, og i dag vert John Donne rekna som den største engelske poeten frå tida mellomShakespeare ogMilton.
John Donne vart fødd inn i ein katolsk familie på ei tid då det i England var forbode å praktisere katolsk tru ope.[1] Faren, John Donne, var ein jernvarehandlar av walisisk opphav, mens mora, Elizabeth Heywood, var dotter av dramatikarenJohn Heywood. Den katolske martyrenThomas More var grandonkelen hennar.[2] Ti år gammal vart Donne send tilOxford og seinare tilCambridge. For å få ein akademisk grad måtte ein seietruskapeiden til dronninga og hennar herskarmakt over kyrkja, men som katolikk nekta Donne å gjera dette og fekk difor ingen grad.[2]
Under studietida og i tida etter øydsla han mykje av arven sin på kvinner og nattelivet i London, men òg på litteratur og reiser. Då greven av Essex rusta seg ut for plyndringstokt tilCádiz i 1596 og tilAsorane i 1597, vart Donne og andre velståande eventyrarar med.Izaak Walton, den første som skreiv ein biografi om Donne, fortalde at han etter dette budde nokre år iItalia ogSpania og tileigna seg gode kunnskapar i språk, lover og styresett i desse landa. 25 år gammal vart han sjefssekretær hosvaktar av det store riksseglet, sirThomas Egerton, som sette så stor pris på Donne som samtalepartnar at han fekk bu i York House og ete middag med familien kvar dag.[3]
«This ecstasy doth unperplex (We said) and tell us what we love; We see by this, it was not sex; We see, we saw not, what did move:»[4] – «The Ecstasy»
«Gjev mine hender lov, ja lat dei gli innunder, mellom, over, på og i. Å mitt Amerika, mitt ny-funn'land»[5][6] – «Elegy 19. To his Mistress Going to Bed», omdikta av Åsmund Bjørnstad
Lite av det John Donne skreiv kom på prent, men dikta vart spreidde som handskrifter, og på denne tida byrja han å få eit namn som poet. Han skreiv somme satiriske vers som syner eit kynisk verdssyn, men også songar og sonettar med ein oppsiktsvekkjande realistisk, sanseleg og erotisk karakter. Han var til dømes den første som tok i bruk ordet «sex» til skilnad frå «love».[3]
Ei av gjestene i heimen til Thomas Egerton var den fjorten år gamle Anne More – ein fjern slektning av John Donne på morssida. Dei vart djupt forelska, men grunna dei sosiale skilnadene kunne dei ikkje gjere rekning med at far hennar ville samtykkje i at dei ekta kvarandre. Dette problemet løyste dei ved å gifte seg i full løyndom i desember 1601. Då det vart kjend mista Donne jobben, og for ei kort tid vart han og presten som vigde dei sperra inne. Ekteskapet vart likevel stadfesta som lovleg, men ryet til Donne var no øydelagd, og trass sin grundige utdaning og poetiske gjevnad, levde han og den veksande familien hans fleire år i armod. Verka hans fekk på denne tida ei undertone av alvor. I toAnniversaries,An Anatomy of the World (1611) ogOf the Progress of the Soul (1612), kjem det klårt fram at han hadde byrja å tvile påmellomalderen sitt verdsbilete – dette var ei tid med veksande tvil rundt tradisjonell politikk, vitskap og filosofi. SatirenIgnatius his Conclave (1611) var truleg det fyrste engelskspråklege verket der namnet tilGalileo Galilei var nemnd.
Etter ein lengre periode med økonomiske problem og rein naud – i denne tida var han to gonger medlem av Parlamentet (1601 og 1614) – gjekk han til slutt med på eit råd av kongJakob I om å verte prest i den anglikanske kyrkja, og vart prestevigd i 1615. Kona Anne døydde i 1617, berre 32 år gammal, og no fekk diktinga hans ein dystrare dåm; særleg tydeleg kjem dette fram iHoly Sonnets.
«Når såg eg vår og sumar strø so raust sin ynde, som eit andlet i sin haust?»[6][7] – «Elegy 9. The Autumnal», omdikta av Åsmund Bjørnstad
Donne skreiv fleire religiøse verk etter at han vart prestevigd, til dømesDevotions (1624) og ei mengd preiker. Preikene hans er mellom dei beste i engelsk litteratur, og einskilde av dei vart prenta allereie i levetida hans. Som konvertitt til den anglikanske kyrkja verka Donne som ein formidlar mellom trusretningane i ei tid med uforsonlege motsetningar mellom katolikkar og protestantar. I 1621 vart han utnemnd til domprost vedSt. Pauls katedral iLondon og denne posten hadde han til han døydde i 1631.
John Donne, ca. 1616. Etter ein miniatyr av Isaac Oliver.
To sitat frå Donnes verk har vorte talemåtar og mykje bruktpopulærkulturen:«no man is an island» og«for whom the bell tolls», den siste er kjend som tittel i ein roman avErnest Hemingway (den norske tittelen,Klokkene ringer for deg, er ei omskriving av neste setningslekkjen i det same diktet: «it tolls for thee»). Begge sitata stammar frå det same avsnittet i «Meditation 17»:[8]
«No man is an island, entire of itself; every man is a piece of the continent, a part of the main. If a clod be washed away by the sea, Europe is the less, as well as if a promontory were, as well as if a manor of thy friend's or of thine own were. Any man's death diminishes me because I am involved in mankind; and therefore never send to knowfor whom the bell tolls; it tolls for thee.»
«Eit menneske er inga øy heilt for seg sjølv; kvart einaste menneske er ein del av kontinentet, eit stykke fastland. Renn ein jordklump til havs vert Europa mindre, som ei landtunge vert det, som garden til din ven eller din eigen gard vert det. Kvart einaste menneske som døyr meinkar meg, for eg er eitt med menneskeslekta; spør difor aldrikven timen slår for; han slår for deg.»