Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Jilin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jílín
吉林
provins
Land Folkerepublikken Kina
Areal187 400 km²
Folketal 27 462 297(2010)[1]
Kart
Jilin
43°53′03″N125°18′30″E / 43.884166666667°N 125.30833333333°E /43.884166666667; 125.30833333333
Plasseringa av Jilini Kina.
Plasseringa av Jilini Kina.
Plasseringa av Jilini Kina.
Wikimedia Commons: Jilin

Jilin (forenkla kinesisk吉林, pinyinJílín) er ein provins nordaust iFolkerepublikken Kina. Jilin grensar tilNord-Korea ogRussland i aust,Heilongjiang i nord,Liaoning i sør ogIndre Mongolia i vest. Namnet Jilin er truleg avleidd detmandsjuiskeGirin ula, som tyder «langs elva». På kinesisk vart det skrive ned somJilin wula (吉林乌拉), og så forkorta tilJilin. Dei kinesiske skriftteikna som vert nytta for Jilin tyder 'den løfterike skogen'. Provinsen har ei flatevidd på 187 400 km².Changchun er hovudstad i provinsen.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Byen Jilin ved elvaSonghua.

Jilin ligg i det nordaustlege Kina. Provinsen har ei kort grense tilRussland i aust og langt lengre grenselinje tilNord-Korea i søraust. Dei høgstliggande delane av Jilin er i søraust, landskapet senkar seg jamt mot nordvest.Changbaifjella strekker seg gjennom dei søraustlege områda, der den høgste fjelltoppen i provinsen, Baiyun, reiser seg i 2 691 meters høgde. Andre fjellkjeder er Jilinhada, Zhang Guangcai og Longgang. Berggrunnen er rik på mineralførekomstar, med 136 ulike typar av mineral, 70 av desse vert det drifta på.

Sørvest i Jilin, langs grensa mot Nord-Korea, har elvaneYalu ogTumen sine nedslagsfelt. Andre store elvar er Liao,Songhua og Nen, dei to sistnemnde renn til sist ut iAmur.

I provinsen skal det finnast over 27 000 ulike, ville plantar som vert brukt av tradisjonell kinesisk medisin.[2]

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Jilin har eit nordleg, kontinentaltmonsunklima, med lange, kalde vintrar og korte, varme somrar. Gjennomsnittleg januartemperatur varierer frå –20 til –14°C. Årleg nedbørsmengd varierer frå 350 i dei tørraste områda, til 1 000 mm i dei våtaste.

Innbyggjarar

[endre |endre wikiteksten]

Eit stort fleirtal av folket i Jilin erhan-kinesarar, om lag 91 %. Elles fordeler folkegruppene seg på 4% kvar avkoreanarar ogmandsjuar, 0,6 %mongolar og 0,5 %hui.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]
Bank of Jilin i Changchun.

Distrikta rundt hovudstaden Changchun med byane Jilin,Siping ogLiaoyuan er det økonomiske kjerneområdet i provinsen Jilin.

Jilin er eit av dei viktigaste kornkammera i Kina. Jordbruket er basert på dyrking avris,mais ogsorghum, provinsen er Kinas største produsent av mais. Ris vert for det meste dyrka i dei austlege delane, somprefekturet Yanbian.Sukkerbetar,soyabønner,durra ogsøtpoteter er viktigeeksportprodukt. I den sentrale delen av Jilin vert det avla store mengderoljevekstar ogsvinekjøt.Kyllingoppdrett driv ein i stor skala, med eksport til mange land. På grasslettene i vest beitar store buskapar medstorfe,hest ogsau. Sauavl er her ei viktig næring, som til dømes i Baicheng. I elvane vert det drive oppdrett av fisk. Mesteparten av kinesiskginseng kjem frå Jilin.

Changbaifjella er ei viktig kjelde til trelast, provinsen er sjette størst kva gjeld tømmerproduksjon i Kina. Området er elles kjent for sinehjortegevir, som vert bruk i tradisjonell medisin, og for sin produksjon avmårpelsar. Fleire vintersportsstader er bygd opp i Changbaifjella.

Jilin har større førekomstar avkiselgur, wollastonitt ogmolybden. Reservane avgull ognikkel er begge mellom dei tre største i Kina.Kol vert utvunne fleire stader, mellom anna ved Liaoyuan.

Frå 1950-åra bygde sentralstyremaktene opp mykjetungindustri i Jilin, med stor produksjon avbilar ogtogvogner i Changchun og kjemisk industri i byen Jilin. Industrien i provinsen har sidan kring 1990 utvikla seg i mindre monn enn lenger sør i Kina. Provinsen har slik fått redusert sitt relative økonomiske verde.

Etter 1949 vartjarnbanenettet i provinsen mykje utbygt, i dei seinare tiåra har ein halde på med ei omfattandevegbygging.

Administrasjonseiningar

[endre |endre wikiteksten]

Jilin er delt opp i ni einingar på prefekturnivå: Einsubprovinsiell by, sjubyprefektur og eittautonomt prefektur.

Kart
#NamnHanziPinyinAdministrasjonsseteType
1Changchun长春市Chángchūn ShìChaoyangSubprovinsiell by
2Baicheng白城市Báichéng ShìTaobeiByprefektur
3Baishan白山市Báishān ShìBadaojiangByprefektur
4Jilin吉林市Jílín ShìChuanyingByprefektur
5Liaoyuan辽源市Liáoyuán ShìLongshanByprefektur
6Siping四平市Sìpíng ShìTiexiByprefektur
7Songyuan松原市Sōngyuán ShìNingjiangByprefektur
8Tonghua通化市Tōnghuà ShìDongchangByprefektur
9Yanbian
(Forkoreanarane)
延边朝鲜族自治州Yánbiān Cháoxiǎnzú
Zìzhìzhōu
YanjiAutonomt prefektur

Dei ni einingane er delt opp i til saman 60 einingar på fylkesnivå (20distrikt, 20byfylke, 17fylke og 3autonome fylke). Desse einingane er i sin tur delt opp i 1532 einingar på kommunenivå (456 bykommunar, 287 kommunar, 28 etniske kommuaer og 240 subdistrikt).

Historie

[endre |endre wikiteksten]

I antikken budde ulike folkeslag i Jilin, særleg xianbei, koreanarar, mohe og wùjí. Ulike koreanske kongedømme, inkludert Buyeo, Goguryeo og Balhae, vart danna i dette området. Området kom etter tur under dominans frå Khitan Liao-dynastiet, Jursjen Jin-dynastiet, og det mongolskeYuan-dynastiet. UnderQingdynastiet var mykje av området under kontroll av ein krigsherre som rådde over eit mykje vidare område, både nordover i dagens Russland og iJapanhavet. Innvandring av hankinesarar vart strengt kontrollert.

Etter Primorskij Kraj vart avstått til Russland i 1860, begynte Qingregjeringa å opne området for innvandring avhan-kinesarar, der dei fleste kom fråShandong. Kring 1900 hadde hankinesarar vorte den dominerande etniske gruppa i regionen. I 1932 vart området innlemma iManchukuo, einmarionettstat oppretta av Japan. Etter Japan leid nederlag 1945 overleverte Sovjetunionen regionen, saman med resten av det nordaustlege Kina, til dei kinesiske kommunistane.Mandsjuria vart då oppmarsjområde for kommuniststyrkane som til sist erobra resten av Kina.

I 1950 Jilin vart utvida til dagens grenser. Underkulturrevolusjonen vart ein del avIndre Mongolia lagt under provinsen, som då hadde grense til statenMongolia. Seinare vart dette reversert. I nyare tid har Jilin, saman med resten av dettungindustribaserte nordaustlege Kina, hatt økonomiske vanskar då privatiseringa av industrien har skapt lita lønnsemd.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3http://www.stats.gov.cn/english/newsandcomingevents/t20110429_402722516.htm.
  2. Kina Expat city Guide Jilin, Kina Expat, 2008, henta 8. februar 2009 [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Jilin
Provinsar
Kinas flag
Autonome regionar
Byprovinsar
Spesielle administrative regionar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Jilin&oldid=3555683»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp