Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Jihad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Å studeraKoranen kan vera ei form for jihad. Her den muslimske mogulherskarenAurangzeb.

Jihad (arabisk جهاد, ǧihād) er eit omstridd omgrep innanislam som kan visa til indre, andeleg kamp for å oppnå rett tru, eller militærvald for å spreia islam. Ordet er avleidd frå det arabiskeǧhd, 'å streva etter' eller 'å møda seg'.

Jihad-omgrepet

[endre |endre wikiteksten]

Jihad er eit innvikla omgrep i islam. Det viser tilkamp mot eller strev etter noko. Det ein skal kjempa mot, er alt som blir sett på som dårleg eller skadeleg, slik at ein kan dyrka fram det gode. Denne kampen omfattar i følgje muslimsk oppfatting alle sider ved menneskelegetankar og handlingar, og går samstundes ut over det fysiske universet.

Ifølgje tradisjonell muslimsk oppfatting finst det fem ulikeJihad fi Sabilillah (jihad forAllah):

Arabisk namnJihad forGjennom
Jihad bin Nafs/Qalbhjartet ellersjelenIndre kamp for å få fram det gode i sitt eige medvit.
Jihad bil LisanordetKamp gjennom det skrivne og talte ordet
Jihad bil Qalam/IlmpennenStudie av islam eller vitskapleg innsats
Jihad bil YadhandaEige arbeid eller økonomiske bidrag
Jihad bis saifsverdetVæpna kamp for Allah, «heilag krig»

Større og mindre jihad

[endre |endre wikiteksten]

Fleire muslimar trur det finst ein større og ein mindre jihad, der den store er kampen i sitt eige sinn, medan den vesle er valdeleg kamp. Denne tolkinga er særleg vanleg innansjiaislam ogsufismen. Ho stør seg på tradisjonar (hadith) som seier atMohammed fortalde muslimske krigarar som kom heim frå kamp mot ikkje-muslimar at dei no stod overfor ein større kamp, mot sine eigne lyster. Hadithen blir ikkje rekna som truverdig av alle tolkarar, han har einisnad (overleveringsrekke) det blir stilt spørsmål ved.

Den tidlege muslimske lærdeIbn Taymiyya, som skal ha inspirertsalafismen, kritiserte omgrepa «større» og «mindre» jihad, og hevda at jihad motvantru er det høgaste ein muslim kan gjera.

I nyare tid harSayyid Qutb tolka militært jihad som eit nødvendig forsvar av islam i ei verd som er overveldande ikkje-muslimsk.[1] Nyareislamistiske grupper har i stor grad fortrengd den store jihaden til fordel for den mindre — å grunnlegga, forsvar og utvida den muslimske staten.[2]

Bruk av omgrepet

[endre |endre wikiteksten]
Million man march tilWashington DC, organisert avNation of Islam, kan tolkast som ein jihad for å bli betre menn[eske].[3]
Foto: Joacim Osterstam

«Jihad gjennom ordet» kan til dømes veramisjonering,preiker ellerpropaganda. «Jihad gjennom handa» kan til dømes vera eihadj-reise, pengegåver til muslimske formål, politisk aktivitet for å fremja islam, eller ta seg av sine gamle foreldre. Til dømes erklærte ei muslimsk gruppe iBirmingham jihad motgatesøppel i 2007.[4]

«Jihad gjennom sverdet» er likevel den mest kjende tydinga av ordet utanfor islam. Det blei først brukt om felttog utført av Muhammed og tilhengjarane hans dei siste ni åra han levde. Målet med felttoga var å få makt over byaneMekka,Medina ogal-Taif, å fåbeduinar til å støtta eller halda seg nøytrale til muslimar, og å sikraoasar somjødar heldt til i. I tillegg blei det utført nokre få åtak utover, motBysantarriket ogSyria. Etter at Profeten døydde blei jihad utført meir offensivt, og muslimske styrkar erobra store delar avden fruktbare halvmånen (dagen Syria og Irak) og deretterEgypt, før dei tok over heileden arabiske halvøya og detiranske platået. Kamp og erobringar fortsette i alle retningar: MotNord-Afrika ogKonstantinopel i vest,Armenia ogKaukasus i nord,Indusdalen (noverandePakistan) i aust, og i første omgang jihad utan siger motSudan i sør.[5]

Jihad blei seinare brukt som grunnlag for ulike erobringar og valdshandlingar mot ikkje-muslimar og det dei rekna som kjettarar, som avbarbareskpiratane,ottomanarane og fleiremuslimske erobrarar av India, som plyndra og øydela bådehindutempel ogmoskear som dei meinte var blittsjirk – for påverka av hinduisk kultur og dermed fråfalne. IVest-Afrika blei fleire såkalla jihadrike danna i løpet av 1800-talet, til dømes gjennomFulbe-jihaden tilUsman dan Fodio i og rundtNigeria.

Gerilja- ogterroristgrupper har også funne støtte i jihadtanken. På 1880-talet erklærteMuhammad Ahmad segmahdi og leia sudanarar i jihad mot ottomanarar, egyptarar og britar for å oppretta ein muslimsk stat. På 1900-talet har innfødde og utanlandske muslimar i område somPalestina/Israel,Afghanistan,Kashmir ogTsjetsjenia, støtta av mellom anna jihad-tanken, gått til valdelege aksjonar mot det dei ser på som ikkje-muslimsk undertrykking av muslimar.Islamistiske grupper har også erklært jihad og utførtterrorhandlingar mot styresmakter i muslimske land, som i følgje islamistane ikkje er muslimske nok, til dømes ved at dei ikkje følgjersjarialovar.

På 1990-talet blei jihad gjennom terror mot sivile teke til eit globalt nivå, mellom anna då terroristgruppaal-Qaida erklærte jihad mot «amerikanske kjettarar i landet med dei to heilage moskeane»,Saudi-Arabia i 1996 og stiftaInternasjonal islamistisk front for jihad mot jødar og krossfararar saman med ei rekke andre islamistiske organisasjonar i 1998.[6]USA blei ståande som ein hovudmotstander i denne såkalla jihad-krigen, men også støttespelarar er blitt utropte som mål for jihadkamp, til dømes denpakistanske presidentenPervez Musharraf.[7]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Paul Berman:Terror and Liberalism (W. W. Norton, 2003), s.98
  2. Understanding Jihad, February, 2005
  3. Sandy Close:«Black Men March to Reclaim a Moral Purpose to Their Lives» (Pacific News Service, 1995)
  4. BBC:«Clean Medina - the Jihad on litter i Birmingham»
  5. David Cook:«QUR' AN AND CONQUEST» i Understanding Jihad (The University of California Press, 2005)
  6. Anti-Defamation League:«Osama bin Laden»Arkivert 2007-10-11 vedWayback Machine.
  7. CNN:«Al Qaeda calls for 'jihad' against Pakistan's Musharraf»
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Jihad&oldid=3417401»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp