Jerusalem distrikt (hebraiskמחוז ירושלים;arabiskمنطقة القدس) er eit avseks administrative distrikt iIsrael. Det administrative senteret erJerusalem. Jerusalem distrikt dekkjer eit areal på 652 km² og hadde 1034200 innbyggjarar i 2014. Av desse er 67,8%jødiske og 30,6%arabarar. Ein femtedel (21%) av arabarane i Israel bur i Jerusalem distrikt, som omfattar bådeAust- ogVest-Jerusalem.[2]
Dei fleste arabarane i Jerusalem distrikt erpalestinarar, kvalifisert for statsborgarskap etter israelsk lov, men som etter eige val er ikkje-borgarar. Minoriteten erisraelske arabarar som bur iAbu Ghosh,Beit Safafa ogAust-Jerusalem, der israelske arabarar har vore busett sidan seint i 1970-åra.[3] Den ikkje-jødiske folkesetnaden er 28,3%muslimar, 1,8%kristne og 1,4% ikkje klassifisert av religion.[4]