Jidda (stundomJeddah,Jiddah ellerJedda ;arabisk جدة,Jiddah ellerJaddah, uttaltˈdʒedda, ˈdʒidda) er ein by i regionen HijazTihamah ved kysten avRaudehavet og er eit stort bysentrum vest iSaudi-Arabia. Han er den største byen iMekka-regionen, den største hamnebyen ved Raudehavet, og den nest største byen i Saudi-Arabia etter hovudstaden,Riyadh. Med eit folketal på kring 3,4 millionar innbyggjarar, er Jidda eit viktig handelssenter i Saudi-Arabia.
Jidda er den viktigaste inngangsporten tilMekka, den mest heilage byen iislam, sommuslimar som kan må vitje minst ein gong i levetida si. Det er òg ein inngangsport til den nest mest heilage staden i islam,Medina.
Økonomisk fokuserer Jidda på å vidare utvikle store investeringar i leiarskap innan forsking og ingeniørvitskap i Saudi-Arabia og Midtausten.[3] Jidda vart rangert på fjerdeplass iAfrika–Midtausten-regionen innan nyskaping i 2009.[4]
Jidda er ein av dei viktigaste feriebyane i Saudi-Arabia og har status somverdsby hosGlobalization and World Cities Study Group and Network (GaWC). Sidan byen ligg nær Raudehavet, dominerer fisk og sjømat matkulturen, i motsetnad til andre delar av landet. Byen vert skildra som «annleis» av dei fleste saudiarabarane i eit forsøk på å fremje turisme i byen, og han har tidlegare vorte rekna som den «mest opne» byen i Saudi-Arabia.
Historisk har Jidda vore kjend for vekslarane sine, og den største av desse (sjeik Salem Bin Mahfouz) grunnla den første banken i Saudi-Arabia,National Commercial Bank (NCB).
Det finst minst to forklaringar til namneopphavet tilJidda, i følgje Jidda Ibn Al-Qudaa'iy, høvdingen i Quda'a-klanen. Den vanlegaste forklaringa er at namnet kjem frå جدةJaddah, som erarabisk for «bestemor». I følgje austleg folketru ligg grava tilEva, fråAdam og Eva i Jidda.[5] Grava vart forsegla med betong av religiøse styresmakter i 1975, fordi somme muslimar bad ved staden.
Ibn Battuta (1304–1368), einberbisk reisande, vitja Jidda under den store reisa si. Han skreiv at namnet på byen var «Jiddah».[6]
På offisielle saudiarabiske kart og dokument vert namnet på byen transkribert «Jidda», som i dag er den mest vanlege forma.
Utgravingar igamlebyen indikerer at Jidda vart grunnlagd som ei fiskegrend i 522 fvt. av den jemenittiskeQuda'a-stamma (بني قضاعة), som drog frå det sentrale Jemen for å busetje seg i Mekka[7] etter øydelegginga avMaribdammen iJemen.[8]
Andre arkeologiske undersøkingar har synt at området tidlegare var busett av folk isteinalderen, då ein fann nokrethamudskifter iWadi Briman (وادي بريمان), vest for byen, ogWadi Boweb (وادي بويب), nordvest for byen. Byen Jidda var ei viktig hamn for dennabateiskerøykjelseshandelen. Den eldstemashrabiya som er funnen i Jidda er datert attende til før-islamsk tid.
Jidda vart først viktig kring år 647 evt., då den tredje muslimskekalifen,Uthman Ibn Affan (عثمان بن عفان), omgjorde byen tilhamnebyen for Mekka i staden for Al Shoaiba sørvest for Mekka.[9]Sidan då har Jidda vore hovudbyen i den historiske provinsen Hijaz og ei historisk hamn for pilegrimar som kom sjøvegen under pilegrimsreisahajj til Mekka.
I 969 evt. tokfatimidane frå Algerie kontroll over Egypt fråIkhshididedynastiet og utvida riket sitt til områda rundt, inkludert Hijaz og Jidda. Fatimidane utvikla eit omfattande handelsnettverk i bådeMiddelhavet ogIndiahavet gjennomRaudehavet. Handelen og dei diplomatiske banda deira strekte seg heilt tilKina ogSongdynastiet, som etter kvart sette den økonomiske kursen forTihamah underhøgmellomalderen.
EtterSaladin erobraJerusalem utnemnde han seg sjølv i 1171 til sultan over Egypt, etter han oppløysteFatimidekalifatet dåal-Adid døydde. Slik oppretta hanAjjubidedynastiet. Ajjubidane erobra Hejaz, inkludert Jidda, som kom med iAjjubideriket i 1177 underSharif Ibn Abul-Hashim Al-Thalab (1094–1201). I løpet av den relativt korte levetida, førte ajjubidestyret til økonomisk velstand i områda dei kontrollerte, og anlegga og vernet som ajjubidane gav, førte til at auka intellektuell aktivitet iden islamske verda. I denne perioden vart ògsunnimuslimane langt meir dominerande i regionen og det vart oppretta mangemadrasas (islamskular) i dei store byane deira. Jidda tiltrekte seg muslimske sjøfolk og handelsfolk fråSindh,Søraust-Asia ogAust-Afrika, og andre fjerntliggande område.
Etter hendingane iKairo i 1254 og oppløysinga av Ajjubideriket, vart Hijaz ein del avMamelukksultanatet. Den portugisiske utforskarenVasco da Gama, som segla rundtKapp Det gode håp og overIndiahavet til kysten avMalabar ogCalicut, gjekk til åtak på flåtar som førte varer og muslimske pilegrimar fråIndia tilRaudehavet, og jaga skrekk inn i dei kringliggande makthavarane. Prinsane iGujarat ogJemen badEgypt om hjelp. SultanenAl-Ashraf Qansuh al-Ghawri utrusta så ein flåte på 50 fartøy under admiralen sin,Hussein kurdaren. Det vart etter kort tid bygd ein steinmur i Jidda med hjelp av tvangsarbeid, som ei hamn for folk som flykta frå portugisarane, slik atArabia ogRaudehavet vart verna. Delar av bymuren står framleis i dag igamlebyen. Sjølv om portugisarane vart drivne bort frå byen, tok dei flåtane som segla iIndiahavet. Dette synte seg mellom anna islaget ved Diu mellom portugisarane og dei arabiske mamelukkane. Gravplassen til den portugisiske soldatane ligg framleis igamlebyen i dag og vert omtalt som Dei kristne gravene.[10]
Den osmanske admiralenSelman Reis forsvarte Jidda mot eit portugisisk åtak i 1517.
I 1517 erobra deiosmanske tyrkarane Mamelukksultanatet i Egypt og Syria, under regjeringstida tilSelim I.[11] Sidan områda til Mamelukksultanatet omfatta Hijaz, hamna Jidda og den heilage byen Mekka under osmansk styre. Osmanarane ombygde dei svake murane i Jidda i 1525 etter sigeren deira overarmadaen til Lopo Soares de Albergaria i Raudehavet. Den nye tyrkiske muren bestod av seksvakttårn og seksbyportar. Dei vart bygde for å forsvare mot eit portugisisk åtak. Av dei seks portane varMekkaporten den austlege ogAl-Magharibahporten den vestlege. Sharifporten vendte mot sør. Dei andre portane var Al-Buntporten, Al-Shamporten (òg kalla Al-Sharafporten) ogMedinaporten mot nord.[12] Tyrkarane bygde ògJidda qishla, ei lita borg for soldatane i byen. På 1800-talet vart dei sju portane minimerte til fire enorme portar med fire tårn. Desse enorme portane var Shamporten i nord, Mekkaporten i aust, Sharifporten i sør og Al-Magharibahporten på sjøsida.
Ahmed Al-Jazzar, den osmanske militære som hovudsakleg er kjend for rolla si iomleiringa av Akko, var i starten av karrieren sin i Jidda. I Jidda i 1750, tok han livet av kring 70 opprørske nomadar som hemn for at dei hadde teke livet av kommandanten hans, Abdullah Beg, og han fekk kallenamnet «Jezzar» (slaktaren).
Den 15. juni 1858 var det opprør i byen, som ein trur vart starta av den tidlegare politisjefen som ein reaksjon til den britiske politikken i Raudehavet. Dette førte til ein massakre av 25 kristne, inkludert den britiske og den franske konsulen, familiemedlemmane deira og rike, greske handelsmenn.[13] Den britiske fregattenHMS «Cyclops», ankra opp i hamna og bombarderte byen i to dagar for å få attende lov og orden.[14]
Den første saudiarabiske staten og den osmansk-saudiarabiske krigen
Kong Hussein erklærteKongedømet Hejaz. Seinare var Hussein involvert i ein krig medIbn Saud, som var sultan iNejd. Hussein abdiserte etter atMekka falt i desember 1924, og sonenAli bin Hussein vart den nye kongen.
Jidda kom slik under styret tilAl-Saud-dynastiet i desember 1925. I 1926 la Ibn Saud til tittelen konge av Hejaz til stillinga si som sultan av Nejd. I dag har Jidda mista den historiske rolla si i politikken på halvøya, då Jidda vart lagt til den nye provinsenMekka, der provinshovudstaden er byenMekka.
Frå 1928 til 1932 vart det nye Khuzam-palasset bygd som den nye residensen til kong Abdul Aziz i Jidda. Palasset ligg sør for gamlebyen og vart bygd av ingeniøren Muhammed bin Laden. Etter 1963 vart palasset nytta som kongeleg gjestehus. Sidan 1995 har det husa Det regionale museet for arkeologisk og etnografi.[15]
Dei attverande murane og portane frå gamlebyen vart øydelagde i 1947. Ein brann i 1982 øydela somme eldgamle bygningar i sentrum av gamlebyen, kallaAl-Balad, men mykje er framleis bevart, trass i kommersielle interesser om å rive ned dei gamle husa og byggje moderne høghus. I 1979 vart gamlebyen undersøkt hus for hus og synte at det stod kring tusen tradisjonelle bygningar på staden. I 1990 vart Departementet for bevaring av det historiske området i Jidda grunnlagd.[16][17]
Den moderne byen har vokse kraftig utafor dei opphavlege grensene. Det utbygde område utvida seg hovudsakleg nordover langs kysten av Raudehavet, og nådde den nye flyplassen i 1990-åra, og sidan mot Ob'hurelva, kring 27 km frå sentrum av gamlebyen.
Jidda ligg på den saudiarabiske kystsletta ved Raudehavet, kallaTihamah, og i regionen Hijazi Tihama (arabisk تهامة الحجاز), som er den lågare delen avHijazfjella. Historisk, politisk, og kulturelt var Jidda ein storby iHejaz vilayet,Kongedømet Hejaz og andre regionale, politiske einingar. Han er den 100. største byen i verda etter areal.
Jidda harørkenklima (BWh) iKöppen si klimaklassifisering. I motsetnad til andre saudiarabiske byar, har Jidda framleis høge temperaturar om vinteren, og kan varierer frå 15 °C om natta til 28 °C om ettermiddagen. Sommartemperaturane er særs høge, og når ofte opp i 45 °C på ettermiddagen og fell til 30 °C om natta. Det kjem særs lite nedbør i Jidda, og det vesle som kjem, kjem som regel i november og desember. Ein kan stundom få kraftige torevêr om vinteren. Torevêret i desember 2008 var det største i manns minne, og det kom då kring 75 mm på kort tid. Den lågaste temperaturen som er målt i Jidda var 11,0 °C i mars 1983.[18] Varmerekorden i Jidda er 49,0 °C frå 9. juni 1961.[18]
Jidda har lenge vore ein hamneby. Sjølv før han vart ein hamneby for Mekka, var Jidda eit handelssenter i regionen. På 1800-talet vart varer som perlemor, skjelpaddeskal, røykjelse og krydder ofte eksporterte frå byen. Utanom dette vart det importert mange varer til byen som skulle vidare til Suez, Afrika eller Europa. Mange varer som passerte gjennom Jidda var ikkje ein gong mogeleg å skaffe i byen eller i Arabia.[19]
Alle hovudstadane iMidtausten og Nord-Afrika ligg innafor ein to timar flytur frå Jidda, og han er det nest største kommersielle senteret i Midtausten etter Dubai.[20]
Industriområdat i Jidda er den fjerde største industribyen i Saudi-Arabia etterRiyadh,Jubail ogYanbu.
Kong Abdullah-gata er ei av dei viktigaste gatene i Jidda og strekkjer seg frå Kong Fahd-vegen ved havet i vest til austenden av byen. Her ligg kontor for mange store selskap og mange butikkar.
Tahaliyah-gata er ei viktig mote- og handlegate sentralt i Jidda. Her ligg mange dyre butikkar. Han har i nyare tid fått namnet Prins Mohammad bin Abdul Aziz-vegen.
Dei fleste innbyggjarane ersunnimuslimar. Styret, rettsvesen og lovene følgjer sjariahlovene. Ein særs liten del av saudiarabiske borgarar ersjiamuslimar, og det finst òg mange utanlandske arbeidarar som ikkje har lov til å følgje sine ikkje-islamske religionar, sjølv privat, men dette vert ikkje mykje handheva.
Byen har over 1 300moskéar.[21] Lova tillet ikkje noko anna enn religiøse bøker, ikon og uttrykk for religion. Men ein tolererer stundom privat religiøs praksis som ikkje involverer muslimar eller støyter ålmenta og offentleg moral.
Sidan 600-talet har Jidda vore vertskap for millionar av muslimske pilegrimar frå heile verda som er på veg tilhajj. Dette har hatt stor innverknad på samfunnet, religionen og økonomien i Jidda. Det fører òg med seg ein årleg risiko for sjukdom, som dei lokale kallar 'hajjisjukdomen', som er eit samleomgrep for forskjellige virussjukdomar.
Den multi-etniske folkesetnaden i Jidda har påverka dei tradisjonelle matvanane i Jidda.
Som i andre saudiarabiske byar erNejd-rettenkabsa populær i Jidda, ofte laga av kylling i staden for lam. Den jemenittiske rettenmandi er òg populær som lunsjmåltid. Mat frå Jidda er òg populært som mabshoor, mitabbak, foul, areika, hareisa, kabab meiroo, shorabah hareira (hareirasuppe), migalgal, madhbi (kylling grilla på stein), madfun (tyder «gravlagd»), magloobah, kibdah, manzalah (vanlegvis eten underEid ul-Fitr), ma'asoob, magliya (ein lokal versjon avfalafel), saleeig (ein lokal rett laga av mjølkeris),hummus, biryani, ruz kabli, ruz bukhari og saiyadyia. Dette får ein servert i mange tradisjonelle restaurantar i byen, som Althamrat, Abo-Zaid, Al-Quarmooshi, Ayaz og Hejaziyat.
Den mest populære, lokale hurtigmatkjeden, som starta i 1974, erAl Baik, med restaurantar i Jidda og nabobyane Mekka, Medina og Yanbu. Hovudretten deira er grilla kylling, som i Jidda vanlegvis blir kalla «Brost», og mykje forskjellig sjømat.[22]
Indisk, pakistansk og anna asiatisk mat er òg populært. Ein kan òg finne somme italienske, franske og amerikanske restaurantar.
Under oljeboomen i 1970- og 1980-åra vart det auka fokus på å sette ut kunst i dei offentlege områda i Jidda. Jidda har derfor mange moderne friluftsskulpturar og kunstverk, ofte i rundkøyringane. Her finst kunstverk avJean/Hans Arp,César Baldaccini,Alexander Calder,Henry Moore,Joan Miró ogVictor Vasarely. Dei syner ofte tradisjonelle saudiarabiske ting som kaffikanner, røykjelsesbrennarar, palmetre osv. Sidan islamsk tradisjon forbyr avbilding av levande vesen, særleg menneske, har det oppstått mykje kreativ, og stundom bisarr, kunst. Dette omfattar eit gigantisk geometrisett, ein enorm sykkel, og ei stor blokk med betong med bilar som kjem ut i forskjellige vinklar. Ein monumental skulptur avAref Rayess er tileignaAllah (Gud).
Det finst kring eit dusin museum eller samlingar i Jidda med forskjellige utdanningsmål.[23] Desse omfattar Jidda regionale museum for arkeologisk og etnografi, driven av Visedepartementet for antikvitetar og museum, Jidda kommunale museum,Nasseef-huset, Menneskearvmuseet, det private Abdul Rauf Hasan Khalil-museet og det private Kunstarvmuseet.
I Jidda ligg kontra til fire store arabiskspråklege aviser,Asharq Al-Awsat,Al Madina,Okaz ogAl Bilad, i tillegg til to store engelskspråklege aviser,Saudi Gazette ogArab News.Okaz ogAl-Madina er dei største avisene i Jidda og somme andre saudiarabiske byar, med over ein million lesarar. Fokuset deira er hovudsakleg lokalt.
Byen har fleire popuære ferieanlegg, somDurrat Al-Arus, Al-Nawras Mövenpick ved Raudehavet, Crystal Resort, Radisson Blu, Signature Al Murjan Beach Resort, Al Nakheel Village, Sands, og Sheraton Abhur. Mange er kjende for bevaringa deira av sjølivet og korallreva i Raudehavet.
Jidda vert tent av King Abdulaziz internasjonale flyplass. Flyplassen har fire passasjerterminalar. Ein av dei er Hajj-terminalen, ein spesiell utandørsterminal dekt av store, kvite telt, som vart bygd for å ta i mot dei meir enn to millionar pilegrimane som passerer gjennom flyplassen underhajj. Sør-Terminalen er brukt avSaudia ogFlynas, medan Nord-terminalen tener utanlandske flyselskap. Det er planar om å utvide flyplassen. Den kongelege terminalen vert nytta for viktige gjester, utanlandske statsoverhovud og den saudiarabiske kongefamilien. Ein del av flyplassen, King Abdullah flybase, vart nytta avkoalisjonen sineB-52 bombefly underOperasjon Desert Storm i 1991.
↑Jayussi, Salma; Manṣūr Ibrāhīm Ḥāzimī; ʻIzzat ibn ʻAbd al-Majīd KhaṭṭābBeyond the Dunes I B Tauris & Co Ltd (28. april 2006), s. 295.ISBN 978-1-85043-972-1[1]
↑Ibn Battota's Safari. Tuhfat Al-Nothaar Fe Gharaa'ib Al-Amsaar. Chapter: «From Cairo to Hejaz to Tunisia again».ISBN 9953-34-180-X
↑Caudill, Mark A. (2006).Twilight in the kingdom : understanding the Saudis. Westport, Conn.: Praeger Security International. s. 133.ISBN9780275992521.|access-date= requires|url= (hjelp)
Badr El-Hage.Saudi-Arabia : caught in time 1861-1939. Published by Garnet, Reading, 1997.ISBN 1-85964-090-7
Captain G. S. Froster.A trip Across the Peninsula - Rehla Abr Al-Jazeera. Mombai, India, 1866.
From Bullard to Mr Chamberlain. Jidda, 1925 Feb. (No.# secrets) - Archived Post.
Al-Rehani.Nejd and Its Followers.
Al-Turki, Thuraya.Jidda: Um Al-Rakha wal Sheddah. Published by Dar Al-Shrooq.
Al-Harbi, Dalal.King Abdulaziz and his Strategies to deal with events : Events of Jidda. King Abdulaziz National Library, 2003.ISBN 9960-624-88-9
Didier, Charles.Séjour Chez Le Grand-Cherif De La Mekke. Librairie De L. Hachette et, Rue Pierre.
Didier, Charles.Rehla Ela Al-Hejaz: A trip to Hejaz. Translated from «Séjour Chez Le Grand-Cherif De La Mekke» into arabisk. Paris, 1854.ISBN 9960-677-14-1