* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Javier Aldemar Zanetti (fødd10. august1973iBuenos Aires) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar som no er visepresident for Inter Milan.
Zanetti var høgreback og spelte på Inter frå 1995 til 2014. Han spelte sin 700. kamp i meisterligafinalen 2010, ein kamp Inter vann med 2-0 over Bayern München. Han var kaptein både på Inter og det argentinske landslaget.
I Argentina er Zanetti kjend under kallenamnetPupi, i Italia vart han kallaIl Trattore ('traktoren'). Namna kom av di han kunne springe heile vegen frå backposisjon til angrepsposisjon.
Zanetti deltok i verdsmeisterskapane 1998 og 2002. Med Inter vann hanMeisterligaen 2010,UEFA-cupen 1998 og to gongerCoppa Italia, dessutan fem Serie A-meisterskap.