Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Java 2 Micro Edition

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg  høgnorsk  sjå «Hn/Java 2 Micro Edition».

Java 2 Micro Edition (J2ME) er ei utgåve avJava-teknologien som er skreddarsydd formobiltelefonar,kalkulatorar og annanforbrukarelektronikk i lommeformat. J2ME vart fyrste gong presentert under ein Java-konferanse i San Francisco sommaren2000. Samtidig laMotorola fram dei fyrste handsetta som støtta plattforma.

Kombinasjonen avWAP (Wireless Application Protocol) ogJava-teknologi gjev ei ideell løysing for mobilbrukarar som ynskjer interaktive tenester. I våre dagar har trådlause tenester bygt påJava-teknologi vorte teke i bruk over heile verda.

J2ME gjev mellom anna høve til å laste ned tredjeparts applikasjonar på vanlegemobiltelefonar. Soleis får forbrukarane høve til å oppdatere terminalane jamleg med nye spel eller innhald. Med J2ME har gamle arkadespelklassikarar somAsteroids ogFrogger fått nytt liv – ikkje i spelehallen, men på mobilterminalen.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Java_2_Micro_Edition&oldid=3434002»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp