Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Jarok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarok
Land Russland
Del avYana Bay Islands
Folketal 0
Kart
Jarok
71°31′00″N137°30′00″E / 71.516666666667°N 137.5°E /71.516666666667; 137.5
Plasseringa til Jarok i Laptevhavet.

Jarok (russiskOstrov Jarok) er ei øy iLaptevhavet i republikkenSakha iRussland. Ho ligg utanfor munningen til elvaJana, berre nokre få kilometer mot aust.

Jarok er stor og flat og har mange små innsjøar, myrer og sandbankar. Ho er 38 km lang og opp mot 26 km brei.

Janadeltaet og kystområde som Jarok ligg utanfor, er eit omfattande våtmarksområde. Øya er utsett for det harde arktiske klimaet med mykje kulde og stormar. Lenger nord, iJanabukta, er havet islagd med tjukk is om lag åtte månader av året, så Jarok er stort sett landfast.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Området rundt Janadeltaet vart utforska av baronEduard Toll ogAleksander von Bunge i 1892-1894 under ein ekspedisjon på vegne av vitskapsakademiet iSt. Petersburg.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Jarok&oldid=3253607»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp