Jan Hendrik Oort (28. april1900–5. november1992) var einnederlandskastronom som gjorde viktige bidrag i å forstå Mjølkevegen og ein pioner innan feltetradioastronomi.[1] Han er blitt omtalt som ein av dei største astronomane på 1900-talet[2][3] I 1955 var Oort nemnt i magasinetLife si liste over dei 100 mest kjende personane som var i live då.[4]
Oort fann ut atMjølkevegen roterer og forkasta ideen om at sola ligg i sentrum. Han oppdaga mystisk, usynleg «mørk materie» i 1932, som ein trur utgjer meir 90 % av universet og gravitansjonstiltrekkjinga skapar «grupper av stjerner i galaksar og galaksar i grupper.»[2][5] Han oppdaga den galaktiske haloen, ei gruppe stjerner som krinsar kring Mjølkevegen, men utafor hovudskiva.[6] I tillegg er Oort ansvarleg for mange viktige funn om kometar, inkludert forståinga av at banane deira «impliserte at det var mykje meir av solsystemet enn regionen som planetane dekkjer.»[2]
Oortskya,Oort-konstantar og asteroiden1691 Oort er alle namnsette etter han.
Han var professor og direktør forobservatoriet i Leiden 1945 til 1970 og han var president iInternational Astronomical Union (IAU) frå 1958 til 1961.
Prisar
Oppkallingar
Då han døydde sa nobelprisvinnaren og astrofysikarenSubrahmanyan Chandrasekhar «Den store astronomi-eika har falle, og me er bortkomne utan skuggen hennar.»[7]
- ↑Woltjer, Lodewijk (November 1993).«Obituary: Jan H. Oort».Physics Today46 (11): 104–105.Bibcode:1993PhT....46k.104W.doi:10.1063/1.2809110. Arkivert fråoriginalen 5. oktober 2013. Henta 17. juni 2016.
- ↑2,02,12,2Wilford, John (12. november 1992).«Jan H. Oort, Dutch Astronomer In Forefront of Field, Dies at 92».New York Times. Henta 30. mai 2014.
- ↑«Jan Hendrik Oort: Comet Pioneer». Europaan Space Agency. Henta 30. mai 2014.
- ↑Katgert-Merkelijn, J.«Jan Oort». Arkivert fråoriginalen 14. september 2016. Henta 30. mai 2017.
- ↑Bertschinger, Edmund.«DARK MATTER, COSMOLOGICAL». Henta 30. mai 2014.
- ↑J. H. Oort; Arias, B; Rojo, M; Massa, M (June 1924), «On a Possible Relation between Globular Clusters and Stars of High Velocity»,Proc Natl Acad Sci U S A.10 (6): 256–260,Bibcode:1924PNAS...10..256O,PMC 1085635,PMID 16586938,doi:10.1073/pnas.10.6.256.
- ↑van de Hulst, H. C. (1994), «Jan Hendrik Oort (1900–1992)»,Quarterly Journal of the Royal Astronomical Society35 (2): 237–242,Bibcode:1994QJRAS..35..237V.