Jakobittane var den politiske rørsla som arbeidde for restaurasjon av husetStuart og deira rettmessige etterkomarar som kongar avEngland ogSkottland, òg etter1707, då desse vart samla tilStorbritannia. Rørsla fekk namn etterJakob II av England, og var eit svar på avsetjinga av Jakob i1688. Huset Stuart budde på kontinentet etter dette, og prøvde tidvis å vinne attende trona med hjelp frå Frankrike og Spania. Jakobittane hadde den største støtta si iIrland ogSkottland, særleg høglanda. Dei hadde òg ei viss støtte i delar av England ogWales. Rojalistar støtta jakobittane fordi dei meinte parlamentet ikkje hadde noko myndigheit til å blande seg i den kongelege suksesjonen, og mange katolikkar såg fram til at katolisismen si stilling ville verte gjennoppretta når det kom ein katolsk monark på trona. I Skottland vart saka til jakobittane ein del av det gamleklansystemet sine siste krampetrekningar, og vart eit varig romantisk minne. Emblemet til jakobittane er den kvite rosa til York, og den den kvite rose-dagen vert feira den 10. juni, fødselsdagen til Jakob III og VIII i 1688.
Jakobittiske arvingar til tronene i England, Skottland, (Frankrike) og Irland
Jakob II av EnglandJames Francis Edward Stuart (Jakob III og VIII),The Old Pretender, med det blå bandet til jakobittaneKardinal Henry Benedict Maria Clement Stuart (Henrik IX og I)
1Maria III/II og Maria IV/III vert nummert slik fordi nokre jakobittar ser påElisabeth I av England som illegitim, og derfor ser påMaria av skottane som den rettmessige dronninga av England fråMaria I døydde.
PrinsJoseph Wenzel av Liechtenstein, fødd24. mai1995 i London. Han er den første jakobittiske arvingen til den britiske trona som er fødd påDei britiske øyane sidan Jakob III og VIII,The Old Pretender, i 1688. Joseph Wenzel vil i framtida verte fyrste av det suverene fyrstedømmetLiechtenstein.