Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Jackie Charlton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jackie Charlton


StatsborgarskapStorbritannia
Fødd8. mai1935
Ashington
Død10. juli2020 (85 år)
Northumberland
Idrettfotball
Tok del iVM i fotball 1970,VM i fotball 1966,EM i fotball 1968,EM i fotball 1988
Utmerkingaroffiser av Den britiske imperieordenen

John Charlton (8. mai193510. juli2020), kjend somJack ellerJackie Charlton, var ein engelsk fotballspelar og -trenar fråAshington iStorbritannia. Han vart verdsmeister forEngland i 1966, og både seriemeister, FA-cupvinnar, ligacupvinnar og to gongar Messebycup-vinnar medLeeds United. Han deltok i 629 ligakampar, fleire enn nokon annan Leeds-spelar, og skåra 70 mål.Bobby Charlton er bror hans.

Spelar

[endre |endre wikiteksten]

Klubbspel

[endre |endre wikiteksten]

Jackie Charlton debuterte på Leeds United 25. april 1953, men det var fyrst hausten 1955, etter å ha gjennomført militærtenesta, han vart Leeds-spelar på rett. Dei neste 18 sesongane var han fast midtstoppar på laget, som fram til 1964 var eit ordinært klubblag i vekselvis 2. og 1. divisjon. I 1965 kom Leeds på andreplass i serien og tapte finalen iFA-cupen motLiverpool FC etter ekstraomgangar. Også i 1966 vart Leeds serietoar, og i 1967 tapte laget finalekampane motDinamo Zagreb iMessebycupen. Året etter, i 1968, kunne Charlton for fyrste gong heve ein vinnarpokal då Leeds i byrjinga av mars sigra med 1-0 overArsenal FC i ligacupen. Seks månader vann han pokal nummer to då Leeds heldtFerencvaros til 0-0 på bortebane iBudapest i den andre og siste finalekampen i Messebycupen, heime vann Leeds 1-0.

Eit høgdepunkt for Charlton og Leeds var ligameisterskapen 1969, då laget sette poengrekord for 1. divisjon med 67 av 84 moglege poeng, og vann med heile seks poengs margin til Liverpool FC. Dei neste tre sesongane hamna Leeds på andreplass i ligaen, både i 1971 og 1972 enda laget eitt poeng bak ligameisterlaget. I 1970 måtte Leeds også sjå seg slått i FA-cupfinalen, medan laget i 1971 sigra i Messebycupen og i 1972 i FA-cupen.

Landslagsspel

[endre |endre wikiteksten]

Charlton debuterte på det engelske landslaget i april 1965, ein månad før han fylte 30 år. Han spelte alle kampane underfotball-VM 1966 på heimebaner, som enda med VM-tittel etter siger 4-2 motVest-TysklandWembley stadion. Åra 1967-68 spelte han berre tre landskampar, men deltok i fleire kampar. Han var med i troppa tilVM i fotball 1970 iMexico, der han fekk vere med på 1-0 overTsjekkoslovakia, hans 35. og siste landskamp. Seks gongar i landslagsdrakta fekk han nettkjenning.

Merittar

[endre |endre wikiteksten]
  • Ligameister: 1969 med Leeds United
  • Vinnar av FA-cupen: 1972 med Leeds United
  • Vinnar av messebycupen: 1968 og 1971 med Leeds United
  • Vinnar av ligacupen: 1968 med Leeds United
  • Finalist i FA-cupen: 1965, 1970 med Leeds United

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Flagget til England
Flagget til England
Flagget til England
Det irske flagget
Det irske flagget
Det irske flagget
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Jackie_Charlton&oldid=3557895»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp